Andreas Lunnan
Andreas Lunnan | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. april 1940 Åsen i Levanger |
Død |
21. februar 2012 (71 år) |
Yrke | journalist, programleiar, radioprogramleiar, jazzmusikar |
Born | Mari Lunnan |
Andreas Lunnan (16. april 1940–21. februar 2012) var ein norsk journalist, musikar og programleiar frå Skogn i Nord-Trøndelag, tilsett i NRK.
Tidleg i karrieren jobba Lunnan som journalist i Trønder-Avisa. I 1975 var han med på å starta opp NRK sitt distriktskontor på Steinkjer, og han var distriktsredaktør i NRK Nord-Trøndelag i fleire år frå oppstarten i 1984.
Andreas Lunnan fekk hjarteinfarkt i 1979, og har sidan vore open om hjarteproblema sine. Dette resulterte m.a. i to bøker om temaet. Lunnan var også ein dyktig musikar, og sat i juryen i Melodi Grand Prix i 1971. Han har leidd NRK-program om musikk, t.d. Rundt et flygel og Kappspell, og han har sjølv reist rundt som visesongar. Han har gjeve ut to plater, i 2005 og 2007.
Han var tilsett i NRK i ei årrekkje, og avslutta karrieren sin i kanalen med programmet Gjensynet i 2005.
Programleiar
[endre | endre wikiteksten]- 9-timen
- Da Capo
- Sølvsuper
- 5 på med Yngvil Kiran (1989-1992)
- Sommeråpent (1994)
- Har det på tunga (1995)
- Rundt et flygel (2001)
- Rundt neste sving (2003)
- Kappspell (2003)
- Gjensynet (2005)
Utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]- Med hjerte i fatle (Bok, 1995)
- Hjertebanken (Bok, 2005)
- Det vart poesi tå slekt! (CD, 2005) Tekstar av Birger Jørstad.
- Ane neri senga – og andre godbiter (CD, 2007) Tekstar av Alv Schieflo.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 1983: Kringkastingsprisen saman med Gustav Moberg for «ei røyst i eteren som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet»
- 1995: NRK P1s heiderspris
- 1997: Paul Harris' pris
- 2008: Levanger kommunes kulturpris