Anatekse
Utsjånad
Anatekse (via latinsk frå gresk som tyder 'å smelte om')[1] er ein geologisk prosess der ein bergart vert heilt eller delvis smelta, særleg i forminga av metamorfe bergartar som migmatitt.
Dette skjer djupt i jordskorpa eller øvst i mantelen, der det er høgt trykk og temperatur. Den smelta steinen kan samle seg i større mengder og trenge opp gjennom jordskorpa og størkne til djup-, gang- eller dagbergartar.
Ein kjenner best anaktese frå granittiske bergartar, mellom anna fordi granitt er vanleg i djupt i jordskorpa.
Ein anateksitt er ein bergart der ein framleis kan sjå spor etter danning ved smelitng av eldre berggrunn i strukturen.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Anatexis» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- «anatekse» av Inge Bryhni i Store norske leksikon, snl.no.