Amel Tuka
Amel Tuka | |
Statsborgarskap | Bosnia-Hercegovina |
Fødd | 9. januar 1991 (33 år) Kakanj |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommar-OL 2016, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 800 meter menn |
Amel Tuka (fødd 9. januar 1991) er ein bosnisk mellomdistanseløpar frå Kakanj som spesialiserte seg på 800-meteren. Han vann bronsemedaljen på distansen i VM 2015 og sølvmedaljen i VM 2019.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Tuka forbetra sin eigen landsrekord til 1.46,12 då han vart sjettemann på 800 m i europameisterskapen 2014 i Zürich. I 2015-sesongen forbetra han rekorden fleire gongar, sist då han 17. juli vann 800 meter ved Herculis-stemnet i Monaco på den glitrande tida 1.42,51, årsbeste i verda. Ved verdsmeisterskapen i Beijing kneip han bronsemedaljen etter 1.46,30, verdsrekordhaldaren David Rudisha sigra føre polske Adam Kszczot.
OL-sesongen 2016 vart Tuka fjerdemann i europameisterskapen i Amsterdam. I dei olympiske leikane sprang han på 1.45,24 i semifinalen, seks tidels sekund for sakte til å nå finalen. I 2019 vart han klokka inn på 1.43,62 då han vart tredjemann på 800-meteren i Herculis-stemnet. Ved verdsmeisterskapen i Doha i slutten av september same året storma han i mål på 1.43,47 og vann sølvmedaljen, slått med over eit sekund av Donavan Brazier frå USA.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 2012 i Helsinki: Utslått i semifinalane (1.51,14=nr 24)
- EM 2014 i Zürich: Nr 6 – 1.46,12
- VM 2015 i Beijing: Bronsemedalje – 1.46,30
- EM 2016 i Amsterdam: Nr 4 – 1.45,74
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Utslått i semifinalane (1.45,24=nr 12)
- VM 2017 i London: Utslått i kvalifiseringa (1.46,54=nr 27)
- EM 2018 i Berlin: Utslått i semifinalane (1.47,24=nr 13)
- VM 2019 i Doha: Sølvmedalje – 1.43,47, bakom Donavan Brazier (1.42,34)
- OL i 2021 i Tokyo: Nr 6 – 1.45,98
- EM 2022 i München: Utslått i kvalifiseringa (1.47,73=nr 18)
- VM 2023 i Budapest: Utslått i kvalifiseringa (1.49,01=nr 51)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Amel Tuka» frå Wikipedia på tysk, den 2. juli 2021.