Hopp til innhald

Altiplano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Topologisk kart over sentrale delar av Andes. (Kjelde: Nasa)

Altiplano (spansk for 'høgslette') er ein geografisk definert region i den breiaste sona av Andes i Sør-Amerika som inkluderer samanhengande sletteområde i vestlege Bolivia og litt av nordre Chile, nordvest i Argentina og litt av sørlege Peru. Territoriet ligg over ca. 3000 moh., gjennomsnittleg ca. 3300 moh., og har eit klima med tørr vinter og i nord ein periode med intens nedbør om sommaren.

I slutten av den geologiske epoken pleistocen (1,6 millionar år til 10000 år sidan), var Ballivián ein stor innsjø som femna om områda rundt Titicaca i nord, innsjøen Poopó og i Bolivia, dessutan saltsjøane Salar de Uyuni og Lago Coipasa. Overflata på Ballivián låg minst 100 meter over dagens Titicaca. Altiplano kan sjåast som det området som ligg attende etter at innsjøen Ballivián drenerte og er no avgrensa av fjellkjeder i vest og i aust, og av ørkenen Atacama i sørvest.

Klimaet i territoriet i det store og heile halvtørt til tørt med årleg nedbør varierande frå ca 200 millimeter i sørvest til ca 800 mm ved Titicaca. Gjennomsnittleg temperatur over året varierer frå ca 3 °C nær den vestre fjellkjeda opp til 12 °C ved Titicaca. Men her kan vere kraftige variasjonar i temperatur, i løpet av ein dag kan temperaturen svinge mellom 12 og 24 °C og kan falle til -20 °C på natta. Slike svingingar kan ein særleg observere på vinteren i sørvestlege del av Altiplano. Regntida varer frå desember til mars. I resten av året er klimaet tørt, friskt og fylt av sol og vind. Snøfall er meir særsynt, det kan skje ein til fem gonger pr år mellom april og september, hovudsakleg i nord.

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste byen på Altiplano er La Paz i Bolivia.