Hopp til innhald

Alcide d'Orbigny

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alcide d'Orbigny

FøddAlcide Charles Victor Marie Dessalines d'Orbigny
6. september 1802
Couëron, France
Død30. juni 1857 (54 år)
Pierrefitte-sur-Seine
NasjonalitetFrankrike
OmrådeNaturhistorie
Yrkebotanikar, geolog, oppdagar, paleontolog, entomolog, zoolog, biolog, arkeolog, ornitolog, malakolog, naturvitar
InstitusjonarMuséum national d'histoire naturelle
Kjend formalakologi, fossil, paleontologi
BarnHenri d'Orbigny
MedlemSociété linnéenne de Normandie
Académie des belles-lettres, sciences et arts de La Rochelle
Accademia delle Scienze di Torino
Société géologique de France

Alcide Dessalines d' Orbigny (6. september 180230. juni 1857) var ein fransk paleontolog. Frå 1853 var han professor i paleontologi ved Jardin des plantes i Paris, der han var elev hos Georges Cuvier. I hovudverket sitt Paléontologie française (8 bind) bygde han på katastrofeteorien til Cuvier og meinte at alt levande var tilinkjesgjort minst 27 gonger og skapt på nytt, slik at kvar lagrekkje har sine karakteristiske fossil, som ikkje finst i andre lag. Han vart dermed ein av grunnleggjarane av biostratigrafien.