Akvariefisk
Akvariefisk er fisk som vert haldne i private akvarium. Dei fleste av desse er ferskvassfisk, men det finst òg brakk- og saltvass-akvaristar. Som regel vert akvariefisk vald ut frå fargar, mønster og form, men mange akvaristar er òg opptekne av dyreåtferd.
Val av akvariefisk
[endre | endre wikiteksten]Når ein vel ut fisk til eit akvarium er det ei rekke faktorar ein bør ta omsyn til. For det første må fiskane trivast i nokonlunde dei same fysiske føresetnadane, det vil seie temperatur, mineral- og saltinnhald osb. Ein bør òg ta omsyn til om ein er i stand til å dekka næringsbehovet til fisken; mange artar krev levandefor for å trivast eller overleva. Ein tredje faktor er økologien til dei einskilde fiskeartane; det er t.d. lurt å syta for at dei ikkje konkurrerer om dei same områda i akvariet ved å velja nokre botnfisk og nokre overflateartar. Det kan òg vera ein fordel å ikkje halda aggressive rovfisk saman med små tetra.
Ein faktor mange gløymer er plassbehovet til fisken. Det er dyreplageri å halda for stor fisk i for små akvarium. Kor mykje plass ein einskildfisk må ha varierer frå art til art, små fisk er naturleg nok vanlegvis mindre plasskrevjande enn store.
Plassbehovet (storleik i liter) har mest samanheng med kor fort vantet blir forureina. Om eigaren av eit lite akvarium er flink til å bytta vatnet, halde rett temperatur og pH-verdi kan ein ha fleire fisk eller større fisk.
Vanlege akvariefisk i ferskvassakvarium
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2023) |