Akselerasjon
I fysikk er akselerasjon eit mål på kor fort hastigheit endrar seg. Akselerasjonen vert definert som fartsendring per tidseining. Han er difor ein vektoriell storleik med dimensjon lengd/tid². Måleininga for akselerasjon uttrykt ved SI-einingar er m/s².
Akseleresjon kan vera positive eller negative, i tillegg til retningsemdring. Akselerasjon er definert som hastigheitsendringsraten til eit objekt med omsyn på tid» og kan uttrykkast
der
- a er akselerasjonsvektoren
- v er hastigheitsvektoren i m/s
- t er tida i sekund.
Ein vanleg måte å måla konstant akselerasjon på er å måla hastigheita til ein lekam ved to ulike punkt i rommet, og så dela differansen mellom desse måleverdiane på tida lekamen brukar frå det eine til det andre punktet. Då brukar ein likninga:
der
- er gjennomsnittsakselerasjonen (m/s²)
- er fartsdifferansen (m/s)
- er avslutningsfarta (m/s)
- er tidsintervallet (s)
Tyngdeakselerasjon
[endre | endre wikiteksten]Tyngdeakselerasjonen er den akselerasjonen ein lekam har i fritt fall, på grunn av gravitasjonskrafta frå ein annan lekan (ein planet til dømes). Tyngdeakselerasjonen i gravitasjonsfeltet til jorda er om lag 9,81 m/s².
Retardasjon
[endre | endre wikiteksten]Retardasjon eller forseinking er det motsette av akselerasjon, og ein kan kalle det negativ akselerasjon. Når farten til ein lekam minkar, blir rørsla til lekamen sagt å vere retardert.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- retardasjon. (27.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/retardasjon