Hopp til innhald

Affonso I av Kongo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Affonso I av Kongo

Manikongo
Fødd1456
FødestadMbanza Kongo
Død1543
DødsstadMbanza Kongo
FarJoão I of Kongo
MorLeonor Nzinga Nlaza
BornHenrique, Peter I of Kongo

Kong Affonso I (ca. 14551543),[1] med det innfødde namnet Mvemba Nzinga eller Mbema a Nzinga, var manikongo over kongedømmet Kongo frå om lag 1506 til 1542 eller -43. Han var son av manikongo Mzinga Kuwu, og tok det portugisiske namnet sitt når han vart døypt til den katolske kyrkja av portugisiske misjonærar i 1491.

Saman med brørne sine vart han sendt til Portugal for å få utdanning, der han var i 10 år. Etter at han vart konge, gjorde han den katolske kristendommen til statsreligion og jobba mykje for å omvenda folket sitt.

  1. The Encyclopedia of African-American Heritage by Susan Altman , Chapter M, s. 181
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.