Hopp til innhald

Adana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adana
by
Adana
Land  Tyrkia
Region Middelhavsregionen
Provins Adana
Høgd 23 moh.
Koordinatar 37°0′N 35°19.28′E / 37.000°N 35.32133°E / 37.000; 35.32133
Areal 2 700 km²
Folketal 1 609 790 [1][2]
 - storby 1 617 284
Folketettleik 596 / km²
Grunnlagd 6000 fvt.
Borgarmeister Zihni Aldırmaz
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 01xxx
Retningsnummer 0322
Kart
Adana
37°00′09″N 35°18′48″E / 37.00262°N 35.31346°E / 37.00262; 35.31346
Kart som viser Adana.
Kart som viser Adana.
Kart som viser Adana.
Wikimedia Commons: Adana
Nettstad: http://www.adana.bel.tr

Adana er ein by sør i Tyrkia og eit stort jordbruks- og handelssenter. Byen ligg ved elva Seyhan, 30 km frå kysten av Middelhavet sør i det sentrale Anatolia. Han er det administrative senteret i provinsen Adana og er den femte største byen i Tyrkia. Byen har kring 1,6 millionar innbyggjarar. Adana-Mersin storbyområde har kring 3 millionar innbyggjarar og strekkjer seg over 100 km frå aust til vest og 25 km frå nord til sør. Dette området omfattar byane Mersin, Tarsus, Adana og Ceyhan.

Adana ligg i hjartet av Çukurova, eit geografisk, økonomisk og kulturelt område som dekkjer provinsane Mersin, Adana, Osmaniye og Hatay. Her bur om lag seks millionar menneske på ei ei flat, frodig slette som er eit av dei mest produktive jordbruksområda i verda.[3]

Adana ligg ved jernbanelinja mellom Istanbul og Bagdad, med sidebane til hamnebyen Mersin. Han har vore eit viktig senter for den tyrkiske bomullsindustrien med stor produksjon av tekstil. Byen har universitet frå 1973 og fleire vakre moskear.

Byen vart truleg grunnlagd av hettittane kring 1400 fvt. og kom seinare under Aleksander den store. Han vart erobra av arabarane på slutten av 600-talet og av Det osmanske riket i 1516.

I 1998 vart byen råka av eit kraftig jordskjelv som la store delar av byen i ruinar.

Adana har eit typisk middelhavsklima. Vintrane er mild og våte og somrane er varme og tørre. Varmerekorden i byen vart registrert 8. juli 1978 med 44,0 °C og kulderekorden er -6,4 °C.

Vêrdata for Adana
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 23 25 32 37,5 40,6 41,3 44 43,8 43,2 39,4 33,3 30,8 44
Gjennomsnittleg maks °C 15,1 16,2 19,6 23,8 28,2 31,7 33,7 34,4 33,1 29,1 22,2 16,7 25,3
Gjennomsnittleg min °C 5,4 6,1 8,6 12,3 16,1 20,2 23,6 23,8 20,8 16,3 10,7 6,9 14,2
Lågast målte °C −4,2 −6,4 −3,6 −1,3 5,6 13,7 16,8 16,8 10,9 4,8 −1 −3,5 −6,4
Gjennomsnittleg nedbør mm 102,2 83,1 59 58,7 41 20,3 13,3 13,7 16,5 45,4 81,2 126,5 660,9
Gns. luftfukt (%) 60 59 56 59 59 61 60 60 55 49 50 60 57
Gns. solskinstimar i månaden 145,7 145,6 179,8 207 282,1 315 328,6 316,2 264 223,2 171 139,5 2 717,7
Kjelde: Devlet Meteoroloji Isleri Genel Mudurlugu[4]Klima og temperatur[5]
  1. - 2011
  2. [1] Arkivert 2014-11-29 ved Wayback Machine. Address-based population survey 2011.
  3. «2011 Population of Çukurova». Statistics Institute of Turkey. Henta 21. august 2012. 
  4. «Meteoroloji» (på tyrkisk). Arkivert frå originalen den 13. februar 2010. Henta 21. mars 2010. 
  5. http://www.climatetemp.info/turkey/adana.html

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]