Adam Nelson
Adam Nelson | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 7. juli 1975 (49 år) Atlanta |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000 |
Adam Nelson (fødd 7. juli 1975) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Atlanta i delstaten Georgia. Han vart verdsmeister i kulestøyt under VM 2005 i Helsinki, og vann elles OL-sølv og tre VM-sølv i tida 2000-07. I 2012 vart han tilkjend gullmedaljen ved Sommar-OL 2004, då resultatet til den opphavlege vinnaren vart annullert.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Nelson fekk sitt gjennombrot då han deltok i dei olympiske sommarleikane 2000 i Sydney, der hans 21,21 m gav han sølvmedaljen, åtte centimeter bakom vinnaren Arsi Harju og ein centimeter betre enn tredjemann, John Godina.
Også frå VM 2001 i Edmonton og VM 2003 i Paris reiste Nelson heim med sølvmedaljar. I Edmonton støytte han som lengst 21,24 m, heile 60 centimeter kortare enn sigerherren Godina. I Paris i 2003 vart han lengste støyt målt til 21,26 m, kviterussaren Andrej Mikhnevitsj vann med 21,69 m. Den 18. mai 2002, i sesongen mellom dei verdsmeisterskapane, sette Nelson personleg rekord med 22,51 m under eit stemne i Portland.
Nelson var ein av favorittane i kulestøyt ved Sommar-OL 2004. Han innleia finalen med å støyte 21,16 m, ukrainske Jurij Bilonoh nådde 21,15 m og låg på andreplass. Også i andre omgang nådde Bilonoh 21,15. Stillinga stod seg til siste omgang, då støytte Bilonog 21,16 m og vart tildelt gullet på betre andrestøyt enn Nelson. Åtte år seinare vart prestasjonen til Bilonoh annullert og Nelson tildelt gullmedaljen.
Også under VM 2005 lukkast Nelson å vinne gull, då med eit lengstestøyt på 21,73 m. To år seinare vann han sitt tredje VM-sølv i Osaka, landsmannen Reese Hoffa vann tevling med eit støyt på 22,04 m.
Nelson deltok i sitt siste store meisterskap i 2011, og vart sjuandemann i VM i Daegu.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 2000 i Sydney: Sølvmedalje – 21,21 m, bakom Arsi Harju (21,29 m)
- VM 2001 i Edmonton:Sølvmedalje – 21,24 m, bakom John Godina (21,87 m)
- VM 2003 i Paris: Sølvmedalje – 21,26 m, bakom Andrej Mikhnevitsj (21,69 m)
- OL 2004 i Aten: Gullmedalje – 21,16 m, framom Joachim B. Olsen (21,07 m)
- VM 2005 i Helsinki: Gullmedalje – 21,73 m, framom Rutger Smith (21,29 m)
- VM 2007 i Osaka: Sølvmedalje – 21,61 m, bakom Reese Hoffa (22,04 m)
- OL 2008 i Beijing: Nr 11 (20,56 m i kvalifiseringa)
- VM 2009 i Berlin: Nr 5 – 21,11 m
- VM 2011 i Daegu: Nr 7 – 20,29 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Adam Nelson» frå Wikipedia på engelsk, den 19. august 2016.
- Einskildmenn
- Fødde i 1975
- Kulestøytarar frå USA
- Verdsmeistrar i friidrett for USA
- Olympiske meistrar for USA
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2000
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2004
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008