Hopp til innhald

Ağrı

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ağrı
by
Land  Tyrkia
Region Aust-Anatolia
Provins Ağrı
Høgd 1 665 moh.
Koordinatar 39°43.3′N 43°3.4′E / 39.7217°N 43.0567°E / 39.7217; 43.0567
Folketal 99 336
Borgarmeister Hasan Arslan
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 04xxx
Bilnummer 04
Kart
Ağrı
39°43′21″N 43°03′16″E / 39.7225°N 43.054444444444°E / 39.7225; 43.054444444444
Wikimedia Commons: Ağrı
Nettstad: www.agri.bel.tr/

Ağrı, tidlegare Karaköse og (før 1919) Karakilise, er administrasjonssenter i Tyrkia i Ağrı, nær grensa til Iran. Folkesetnaden i Ağrı består hovudsakleg av aserbajdsjanarar, kurdarar og tyrkarar. Byen har kring 100 000 innbyggjarar (2009).

Fjellet Ararat ligg 90 km sør for byen, nær Doğubeyazıt.

Ağrı har eit fuktig kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering: Dfb) med store temperatursvingingar frå sommaren og vinteren. Somrane er forholdsvis korte, men varme med kjølige netter. Den normale makstemperaturen i august er 30 ºC. Vintrane er særs kalde og den normale minimumstemperaturen i januar er -16 ºC. Temperaturen når vanlegvis -40 ºC kvar vinter. Det snør ein god del om vinteren, og snøen ligg kring fire månader kvart år. Varmerekorden i byen er 37,6 °C den 31. juli 2000. Kulderekorden i Ağrı er -45,6 °C den 20. januar 1972.

Vêrdata for Ağrı
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 7,8 10,2 21,5 27,2 28 32,6 37,6 38,2 35 28,2 18,6 16 38,2
Gjennomsnittleg maks °C −5,7 −3,4 2,4 12 18,3 24,1 29,4 30 25,4 17,3 7,6 −1,5 13
Gjennomsnittleg min °C −16,5 −15 −8,6 1 5,2 8,3 12,3 12,1 7,1 2,2 −3,7 −10,9 −0,5
Lågast målte °C −45,6 −42,8 −39,6 −17,2 −4,3 −1 1,7 4,6 −2 −9,2 −31,6 −39,8 −45,6
Gjennomsnittleg nedbør mm 36,3 48,9 48,4 75,3 75,7 45,6 19 11,7 16 54,1 49,8 40,9 521,7
Gns. solskinstimar i månaden 58,9 75,6 127,1 171 241,8 303 325,5 313,1 273 201,5 120 55,8 2 266,3
Kjelde: http://meteor.gov.tr/veridegerlendirme/il-ve-ilceler-istatistik.aspx?m=AGRI [1][2]