1810
Utsjånad
1808 | 1809 | 1810 | 1811 | 1812 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1810 (romartal MDCCCX) var eit normalår som byrja på ein mandag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein laurdag i den julianske, som låg 12 dagar etter.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 6. januar: Frankrike og Sverige slutta fred i Paris. Sverige gjekk inn i kontinentalsystemet og fekk tilbake Svensk Pommern.
- 11. februar: Napoleon gifta seg med erkehertuginne Maria Luisa av Austerrike etter å ha fått ekteskapet med Joséphine de Beauharnais annullert.
- 20. mars: Venezuela fekk sjølvstende då guvernør og kaptein-general Vicente Emparán blei avsett av folket i Caracas og ein junta overtok makta.
- 18. mai: Mairevolusjonen. Eit opprør mot den spanske kolonimakta tok til i Buenos Aires i Argentina. Argentinarane utviste viseregenten i landet og danna ei provinsregjering.
- 27. april: Beethoven skreiv pianobagatellen «Til Elise».
- 16. september: Miguel Hidalgo sitt «rop i Dolores» innleidde Den meksikanske sjølvstendekrigen mot Det spanske imperiet.
- 23. september: Republikken Vest-Florida erklærte sjølvstende frå Spania.
- 26. september: Den svenske stenderriksdagen vedtok ein ny tronfølgjelov som gjorde Jean Baptiste Bernadotte til tronarving.
- 12. oktober: Den fyrste Oktoberfesten fann stad då kongehuse i Bayern inviterte til feiring av ekteskapet mellom kronprins Ludwig og prinsesse Therese av Saxe-Hildburghausen.
- 27. oktober: USA annekterte Vest-Florida.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- Bybrann i Kongsberg der mellom anna bygningar tilknytt Kongsberg Sølvverk brann ned.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde i 1810.
- 5. februar: Ole Bull, norsk fiolinist og komponist
- 1. mars: Frédéric Chopin, fransk-polsk komponist og pianist
- 12. mars: Ole Mustad, norsk industripioner
- 8. juni: Robert Schumann, tysk komponist
- 5. juli: Phineas Taylor Barnum, USA-amerikansk sirkuseigar
- 15. juli: Aristide Boucicaut, fransk forretningsmann som fann opp stormagasinet
- 10. august: Camillo Cavour, italiensk politikar
- 15. desember: Peter Andreas Munch, norsk historikar
- 24. desember: Wilhelm Marstrand, dansk målar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde i 1810.
- 23. januar: Johann Wilhelm Ritter, tysk vitskapsmann og filosof
- 20. februar: Andreas Hofer, tyrolsk opprørar mot Napoleon (avretta)
- 24. februar: Henry Cavendish, britisk vitskapsmann
- 21. mai: Chevalier d'Eon, fransk diplomat, spion og transvestitt
- 28. mai: Kristian August, svensk kronprins og statthaldar i Noreg
- 19. juli: Dronning Louise av Mecklenburg-Strelitz av Prøyssen
- 11. november: Johann Zoffany, tysk målar
- 15. desember: Sarah Trimmer, engelsk barnebokforfattar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]
<< 1800 | 1801 | 1802 | 1803 | 1804 | 1805 | 1806 | 1807 | 1808 | 1809 | 1810 | 1811 | 1812 | 1813 | 1814 | 1815 | 1816 | 1817 | 1818 | 1819 | 1820 | 1821 | 1822 | 1823 | 1824 | 1825 | 1826 | 1827 | 1828 | 1829 | 1830 | 1831 | 1832 | 1833 | 1834 | 1835 | 1836 | 1837 | 1838 | 1839 | 1840 | 1841 | 1842 | 1843 | 1844 | 1845 | 1846 | 1847 | 1848 | 1849 | 1850 | 1851 | 1852 | 1853 | 1854 | 1855 | 1856 | 1857 | 1858 | 1859 | 1860 | 1861 | 1862 | 1863 | 1864 | 1865 | 1866 | 1867 | 1868 | 1869 | 1870 | 1871 | 1872 | 1873 | 1874 | 1875 | 1876 | 1877 | 1878 | 1879 | 1880 | 1881 | 1882 | 1883 | 1884 | 1885 | 1886 | 1887 | 1888 | 1889 | 1890 | 1891 | 1892 | 1893 | 1894 | 1895 | 1896 | 1897 | 1898 | 1899 >>