1492
Utsjånad
1490 | 1491 | 1492 | 1493 | 1494 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1492 (romartal MCDXCII) var eit skotår som byrja på ein sundag i den julianske kalenderen.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]- 2. januar: Det siste mauriske området i Spania, Granada, fall for det katolske kongaparet Ferdinand og Isabella. Med det var reconquistaen av Den iberiske halvøya fullendt.[1]
- 31. juli: Jødar blei forviste frå Spania; 150 000 sefardar måtte flykta. Sultan Bayezid II av Osmanarriket ønskte jødar velkommen, og sende mellom anna flåten sin for å føra jødar i tryggleik.[2]
- 3. august: Christoffer Columbus siglde frå Spania med dei tre skipa «Santa María», «Pinta» og «Niña» for å finna sjøvegen til Asia.[3]
- 11. august: Rodrigo Lanzol-Borja y Borja blei vald til ny pave etter Innocens VIII. Han tok namnet Aleksander VI.
- 12. oktober: Oppdaginga av «Den nye verda». Christofer Columbus såg land i Amerika, som han meinte var «India» (dagens Sør- og Søraust-Asia). Øya han kom til var Guanahani, som han kalla San Salvador, i Bahamas. Det er ukjend nøyaktig kva for ei av Bahamasøyane det dreidde seg om.
- 27. oktober: Columbus oppdaga Cuba.[1]
- 7. november: Ensisheimmeteoriten, ein 127 kg stor meteoritt, slo ned ved byen Ensisheim i Alsace.
- 5. desember: Christopher Columbus gjekk i land på Hispaniola. Han fekk løyve av tainoleiaren Guacanagarí til å setja att nokre menn på øya. Busetjinga deira blei kalla «La Navidad».
- 31. desember: Rundt 100 000 jødar blei forviste frå Sicilia.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde i 1492.
- 4. april: Ambrosius Blarer, tysk-sveitsisk reformator
- 11. april: Margrete av Angoulême, dronning gift med Henrik II av Navarra
- 20. april: Pietro Aretino, italiensk renessanseforfattar
- 2. juli: Elisabet Tudor, engelsk prinsesse, dotter av Henrik VII og Elisabet av York
- 12. september: Lorenzo II de' Medici, herskar av Firenze
- 1. oktober: Georg Rörer, protestantisk teolog
- 12. november: Johan Rantzau, dansk krigar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde i 1492.
- 9. april: Lorenzo de' Medici, florentinsk statsmann
- 7. juni: Kasimir IV av Polen
- 8, juni: Elisabet Woodville, dronning av England 1464–1470 og 1471–1483 (gift med Edvard IV)
- 25. juli: Pave Innocens VIII
- 12. oktober: Piero della Francesca, italiensk målar og matematikar
- Kristina Abrahamsdotter, dronning av Sverige 1470 (gift med Karl Knutsson)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]
<< 1400 | 1401 | 1402 | 1403 | 1404 | 1405 | 1406 | 1407 | 1408 | 1409 | 1410 | 1411 | 1412 | 1413 | 1414 | 1415 | 1416 | 1417 | 1418 | 1419 | 1420 | 1421 | 1422 | 1423 | 1424 | 1425 | 1426 | 1427 | 1428 | 1429 | 1430 | 1431 | 1432 | 1433 | 1434 | 1435 | 1436 | 1437 | 1438 | 1439 | 1440 | 1441 | 1442 | 1443 | 1444 | 1445 | 1446 | 1447 | 1448 | 1449 | 1450 | 1451 | 1452 | 1453 | 1454 | 1455 | 1456 | 1457 | 1458 | 1459 | 1460 | 1461 | 1462 | 1463 | 1464 | 1465 | 1466 | 1467 | 1468 | 1469 | 1470 | 1471 | 1472 | 1473 | 1474 | 1475 | 1476 | 1477 | 1478 | 1479 | 1480 | 1481 | 1482 | 1483 | 1484 | 1485 | 1486 | 1487 | 1488 | 1489 | 1490 | 1491 | 1492 | 1493 | 1494 | 1495 | 1496 | 1497 | 1498 | 1499 >>