Ørkenløpar
Ørkenløpar | |
Ørkenløpar Foto: Dibyendu Ash
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av ørkenløpar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Brakksvalefamilien Glareolidae |
Slekt: | Cursorius |
Art: | Ørkenløpar C. cursor |
Vitskapleg namn | |
Cursorius cursor |
Ørkenløpar (Cursorius cursor) er ein trastestor vadefugl i brakksvalefamilien, Glareolidae. Arten lever i Nord-Afrika Midt-Austen og over til Sørvest-Asia.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Ørkenløparar er ein sandfarga fugl med grått bakhovud og nakke omkrinsa av ei kvit og svart stripe frå auga til nakken. Nebbet er spisst og litt ned bøygd, beina lange. Storleiken er litt mindre enn heilo, 19–24 i kroppslengd og med kroppsmasse på ca. 100–150 gram. Kroppsforma minnar om loer.
I motsetnad til dei fleste andre vadarar trivst desse fuglane best på ope, tørt land, helst i halvørkenen, der dei vanlegvis jaktar insekt ved å springe langs bakken.
Ørkenløparar finst frå Kapp Verde og Kanariøyane i vest over Nord-Afrika til nordvestre India. Hekkesesongen strekkjer seg frå februar til september, men dei kan hekke om hausten og vinteren når lokale tilhøve med nedbør er gunstig.[1] Dei er sjeldne streiffuglar til Europa. Ørkenløparar er delvis trekkfuglar, nordlege og nordvestlige fuglar overvintrar i India, Arabia og over den sørlege randen av Sahara. Nokre fuglar hekkar òg i dei sørlege ørkenregionane i det nordvestlige India, Pakistan og Afghanistan.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Cream-colored Courser» frå Wikipedia på engelsk, den 3. desember 2016.
- Maclean, G.L. & Kirwan, G.M. (2016) Cream-colored Courser (Cursorius cursor) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 3. desember 2016
- Referansar
- ↑ Amezian, M., Bergier, P. & Qninba, A. 2014. Autumn-winter breeding by Cream-coloured Coursers Cursorius cursor is more common than previously reported. Wader Study Group Bulletin 121: 177-180.