Alice Munro
Alice Munro | |
Nasjonalitet | Canada |
Statsborgarskap | Canada |
Fødd | 10. juli 1931 Wingham i Ontario |
Død |
13. mai 2024 (92 år) |
Yrke | Novelleforfattar |
Språk | engelsk |
Rørsle | Småbyforteljingar, personutvikling |
Sjanger | «Southern Ontario Gothic» |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences, Royal Society of Literature |
Ektefelle | James Munro, Gerald Fremlin |
Alice Munro på Commons |
Alice Ann Munro, fødd Laidlaw (10. juli 1931–13. mai 2024),[1] var ein prisløna kanadisk novelleforfattar, og rekna som ein av dei fremste forfattarane i verda i denne sjangeren. Forteljingane hennar dreiar seg om tilhøve mellom menneske sett i eit daglegdags perspektiv. Medan dei fleste av forteljingane hennar finn stad i sørvestre Ontario, har ho eit internasjonalt ry som novellist. Den 10. oktober 2013 vart det kunngjort at Munro vart tildelt Nobelprisen i litteratur for 2013, grunngjeve med at ho var «den samtida novellkonstens mästare».[2]
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Alice Munro vart fødd i den vesle byen Wingham i Ontario i ein familie som dreiv med oppdrett av fjørfe og sølvrev. Far hennar var Robert Eric Laidlaw, og mora, ei lærarinne, var Anne Clarke Laidlaw. Alice byrja å skriva som tenåring, og gav ut den første novella si, «The Dimensions of a Shadow», i 1950, medan ho studerte ved University of Western Ontario. Under utdanninga arbeidde ho som servitør, tobakkplukkar og bibliotekar. I 1951 forlét ho universitetet, der ho hadde studert engelsk sidan 1949, gifta seg med James Munro og flytta til Vancouver i British Columbia. Her fødde ho tre døtrer, Sheila, Catherine og Jenny, i høvesvis 1953, 1955 og 1957. Catherine døydde få timar etter fødselen. I 1963 flytta ho til Victoria og starta firmaet Munro Books saman med ektemannen. I 1966 fekk ho den siste dottera si, Andrea.
Den første novellesamlinga hennar, Dance of the Happy Shades i 1968, vart svært godt motteken og vann Governor General's Award for Fiction, den mest prestisjetunge litterære prisen i Canada, dette året. Denne suksessen vart etterfølgd av Lives of Girls and Women i 1971, ei samling samanbundne forteljingar som vart gjeven ut som ein roman.
Alice skilde seg frå James Munro i 1972 og vende attende til Ontario. I 1976 gifta ho seg med geografen Gerald Fremlin. Paret busette seg på ein gard utanfor Clinton i Ontario. Seinare flytta dei inn til byen.
I 1978 vart Munro si samling Who Do You Think You Are? utgjeven (i USA under tittelen The Beggar Maid: Stories of Flor and Rose). For denne boka vann Munro Governor General's Literary Award for andre gong. Frå 1979 til 1982 reiste ho rundt i Australia, Kina og Skandinavia. Gjennom 1980- og 1990-talet gav Munro ut ei novellesamling omkring kvart fjerde år. Desse vart stadig betre mottekne, og Munro har vunne både nasjonale og internasjonale utmerkingar for forfattarskapen sin.
I 2002 gav dotter hennar, Sheila Munro, ut sine barndomsminne, Lives of Mothers and Daughters: Growing Up With Alice Munro.
Forteljingane til Munro er ofte å sjå i publikasjonar som The New Yorker, The Atlantic Monthly, i magasina Grand Street og Mademoiselle og i The Paris Review.
I intervju i samband med utgjevinga av novellesamlinga The View from Castle Rock i 2006 ymta Munro om at ho kanskje ikkje ville koma til å gje ut fleire novellesamlingar. Dette gjekk ho seinare tilbake på, og gav ut eit verk i 2009.
Forteljinga The Bear Came Over The Mountain er tilrettelagt for film og redigert av Sarah Polley i filmen Away From Her, med mellom andre Julie Christie i ei av rollene. Denne filmen vart godt motteken ved Toronto International Film Festival i 2006.
Forfattarstil
[endre | endre wikiteksten]Mange av Munro sine forteljingar finn stad i Huron County i Ontario. Denne sterke regionale ståstaden er eit av kjenneteikna til diktinga hennar. Mange samanliknar Munro sine småbyforteljingar med dei til amerikanske sørstatsforfattarar som William Faulkner og Flannery O'Connor. Som hjå dei står personane hennar ofte overfor djupt rotfesta vanar og tradisjonar. Munro sine personar reagerer likevel mindre intenst på dette enn motstykka sine frå dei amerikanske Sørstatane. Særleg dei mannlege personane hennar kan seiast å vera uttrykk for det daglegdagse, attkjennelege kvardagsmennesket. Dei kvinnelege karakterane hennar er derimot meir samansette. Mykje av Munro sine arbeid er døme på den litterære sjangeren kalla Southern Ontario Gothic.
Eit hyppig tema i arbeida hennar — særleg i dei tidlege verka — har vore dei vanskane ei kvinne står overfor når ho veks opp og skal koma overeins med familien sin og den vesle staden ho har vakse opp i. I seinare arbeid som i Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001) og i Runaway (2004) har ho flytta fokus til børene som ligg på middelaldrande menneske, til einslege kvinner og til dei eldre. Det er eit kjenneteikn for arbeida hennar at personane ho skriv om har ei oppleving eller openberring som kastar lys over og gir meining til ei hending.
Munro sitt knappe og klåre språk og meistringa hennar av detaljar tilfører diktinga «ein uvanleg presisjon», som Helen Hoy uttrykkjer det. Munro sin prosa avslører motsetningane i livet: «ironisk og seriøst på same tid», «slagord som fromheit og ære sett opp mot brennande intoleranse», «spesiell, men ubrukbar kunnskap», «den dårlege smaken, hjarteløysa, og gleda over at det er der». Forteljarstilen hennar set det fantastiske ved sida av det ordinære, og desse to sidene understøttar kvarandre på ein måte som enkelt og liketil framkallar liv.[3]
Munro vert ofte samanlikna med dei store novellistane. Den amerikanske forfattaren Cynthia Ozick, har til dømes kalla Munro «vår tids Tsjekhov».[4] Fleire kritikarar har hevda at Munro sine forteljingar ofte har både den emosjonelle og litterære tyngda til romanar. Spørsmålet om Munro eigentleg skriv noveller eller romanar har ofte vorte stilt. Alex Keegan, som skriv i magasinet Eclectica, har eit enkelt svar: «Kven bryr seg? Dei fleste av Munro sine forteljingar inneheld like mykje som mange romanar.»[5]
Utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]- Dance of the Happy Shades - 1968 (vinnar av Governor General's Award for Fiction i 1968) ISBN 0-7700-0239-0
- Lives of Girls and Women - 1971 ISBN 0-451-15352-9
- Something I've Been Meaning to Tell You - 1974 ISBN 0-452-26021-3
- Who Do You Think You Are? - 1978 (vinnar av Governor General's Award i 1978) ISBN 0-7705-1712-9 (På norsk: Tiggerpiken : fortellinger om Flo og Rose, ISBN 82-05-13198-8)
- The Moons of Jupiter - 1982 (nominert til Governor General's Award i 1982) ISBN 0-394-52952-9
- The Progress of Love - 1986 (vinnar av Governor General's Award i 1986) ISBN 0-7710-6666-x (På norsk: Forunderlig er kjærligheten, ISBN 82-02-11146-3)
- Friend of My Youth - 1990 (vinnar av Trillium Book Award) ISBN 0-7710-6697-x
- Open Secrets - 1994 (nominert til Governor General's Award i 1994) ISBN 0-679-43575-1 (på norsk: Den albanske jomfru og andre fortellinger, ISBN 82-05-23833-2)
- Selected Stories - 1996
- The Love of a Good Woman - 1998 (vinnar av Scotiabank Giller Prize i 1998) ISBN 0-7011-6830-7 (På norsk: En god kvinnes kjærlighet, ISBN 82-05-26733-2)
- Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage - 2001 ISBN 0-7011-7292-4 (norsk Uvennskap, vennskap, forelskelse, forlovelse, ekteskap, ISBN 82-05-30345-2)
- No Love Lost - 2003
- Vintage Munro - 2004
- Runaway - 2004 (vinnar av Giller Prize i 2004) ISBN 1-4000-4281-X (norsk Rømlingen, ISBN 82-05-34354-3)
- The View from Castle Rock - (2006) ISBN 978-0-307-38665-6 (norsk Utsikten fra Castle Rock, ISBN 9788205335080)
- Too Much Happiness - 2009
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]I Canada har Munro tre gonger motteke utmerkinga Governor General's Awards for English-language Fiction (det meste for nokon forfattar), to gonger Giller Prize, og elles Trillium Book Award og Canadian Booksellers Award. Internasjonalt har ho vunne WH Smith Literary Award i Storbritannia, National Book Critics Circle Award og O. Henry Award for sin vedvarande kvalitet i novellekunsten i USA, elles PEN/Malamud Award for framifrå novelleskriving, Rea Award for the Short Story og Libris Award. Ho har også vunne Canada-Australia Literary Prize og Commonwealth Writers Prize for regionen Canada og Karibia.
I 1986 fekk Alice Munro utmerkinga Marian Engel Award for forfattarskapen sin. I 1993 vart ho heidra med Royal Society of Canadas Lorne Pierce Medal, og i 1992 utnemnd til utanlandsk æresmedlem i American Academy of Arts and Letters.
Munro vann Scotiabank Giller Prize i 2004 for novellesamlinga Runaway. Det var andre gongen ho fekk denne prisen, den første fekk ho i 1998 for The Love of a Good Woman. The Love of a Good Woman vart også utvald som kandidat i CBC (Det kanadiske kringkastingsselskapet) si 2004-utgåve av Canada Reads (eit radio- og fjernsynsprogram i CBS, Battle of the Books), der samlinga vart «forsvart» av operasongaren Measha Brueggergosman.
Munro mottok Medal of Honor for Literature frå U.S. National Arts Club i februar 2005. Prisen er ei årleg utmerking til eit samla framifrå forfattarskap, og vart gjeven til Munro ved ein seremoni i New York, leia av forfattaren Russell Banks med bidrag av den førre vinnaren, Margaret Atwood og pulitzerprisvinnaren Michael Cunningham.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Dennis Duffy. «Alice Munro» (på engelsk). The Canadian Encyclopedia. Henta 14. mai 2024.
- ↑ The Nobel Prize in Literature 2013 i Nobelprize.org
- ↑ Helen Hoy (1980). «Dull, Simple, Amazing and Unfathomable: Paradox and Double Vision In Alice Munro's Fiction». Studies in Canadian Literature (University of New Brunswick) 5 (1). Henta 6. august 2008.
- ↑ Merkin, Daphne (24. oktober 2004) «Northern Exposures» i New York Times Magazine. Vitja 5. august 2008.
- ↑ Alex Kegan (1998). «Munro: The Short Answer». Eclectica 2 (5). Vitja 6. august 2008
- ↑ CBCNews 3. februar 2005. Vitja 5. august 2008.
- Denne artikkelen bygger på «Alice Munro» frå Wikipedia på engelsk, den 9. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Hoy, H. 1980. "'Dull, Simple, Amazing and Unfathomable': Paradox and Double Vision In Alice Munro's Fiction." Studies in Canadian Literature/Études en littérature canadienne (SCL/ÉLC), Volume 5.1.
- Thacker, R. 1998. Review of Some other reality: Alice Munro's Something I've been Meaning to Tell You, by Louis K. MacKendrick. Journal of Canadian Studies, Sumaren 1998.
- Thacker, R. 2005. Alice Munro: Writing Her Lives: A Biography. Toronto: McClelland & Stewart.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Alice Munro hjå Nobelstiftelsen (på engelsk)
- A Quiet Genius Review by Mona Simpson (2001) The Atlantic Online.
- Review of Munro's short stories Arkivert 2010-03-24 ved Wayback Machine.
- Intervju med Alice Munro, Virginia Quarterly Review ved Lisa Dickler Awano
- «Appreciations of Alice Munro». Virginia Quarterly Review 82.3 (Sumaren 2006): 91-107. Lisa Dickler Awano intervjuar fleire forfattarar (Margaret Atwood, Russell Banks, Michael Cunningham, Charles McGrath, Daniel Menaker og andre).
- Video
- Paula Todd intervjuar Alice Munro Arkivert 2009-03-25 ved Wayback Machine. på TVOntario, 5. april 2006 (høg oppløysing, låg oppløysing Arkivert 2009-03-25 ved Wayback Machine.)
- Intervju med Alice Munro på YouTube