Hopp til innhald

Azita Raji

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 13. mars 2024 kl. 18:15 av Ranveig (diskusjon | bidrag) (Rett.)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Azita Raji

Fødenamn آزیتا راجی
Statsborgarskap USA, Iran
Fødd 29. september 1961
Teheran
Død

6. februar 2022 (60 år)

Yrke diplomat, investeringsbankmann
Språk engelsk, persisk, fransk
Far Parviz C. Radji
Azita Raji på Commons

Azita Raji (29. september 19616. februar 2022)[1][2] var ein iranskfødd USA-amerikansk diplomat. Ho var utdanna økonom. Ho var USA sin ambassadør til Sverige frå februar 2016 til januar 2017.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Azita Raji vaks opp i ein rik diplomatfamilie i Teheran og gjekk på skule i Lausanne i Sveits, der ho deltok på nasjonale sjakkturneringar og tevla i utforrenn. Etter den iranske revolusjonen i 1978 utvandra familien til USA, då ho var 17 år gammal.[3]

Raji studerte arkitektur og fransk ved Columbia University fram til 1983 og tok ein mastergrad i økonomi i 1991 ved Columbia Business School. Ho blei USA-amerikansk statsborgar i 1988.

Raji budde og arbeidde i mange land i Midtausten, Latin-Amerika, Europa og Det fjerne Austen.

Etter ein karriere som bankier for investeringsbankar i New York City (J.P. Morgan & Co., Salomon Brothers og Drexel Burnham Lambert)[4] vigde Raji seg frå 2008 på heiltid til politiske spørsmål og arbeidde blant anna med Barack Obama sine presidentvalkampanjar.

Ambassadør Azita Raji med nobelprisvinnaren David J. Thouless, ambassademottaking i 2016.

Ambassadør til Sverige

[endre | endre wikiteksten]

Raji tiltredde i mars 2016, som fyrste kvinne, posten som USA sin ambassadør i Stockholm[5] og hadde vervet fram til 20. januar 2017.[6] Ho var den fyrste USA-amerikanske ambassadøren i Sverige som deltok i Prideparaden i Stockholm. Ho var også den fyrste iranskfødde personen som var amerikansk ambassadør.[1]

Den 4. juli 2016 blei Raji heidra av Great Immigrants: «The Pride of America», Carnegie Corporation of New York si årlege utkåring av inspirerande naturaliserte USA-amerikanske borgarar som har bidrege i særleg grad til framgang i det USA-amerikanske samfunnet.[7]

Den 10. desember 2016 var det Raji som i eigenskap av ambassadør til Sverige på vegner av Bob Dylan las opp talen hans til Nobelkomiteen under nobelbanketten i Stockholm, i anledning tildelinga av Nobelprisen i litteratur til Dylan.[8][9][10][11]

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Raji mottok i 2017 Ellis Island Medal of Honor[12][13] og ho mottok Barnard College sin Joan Rivers Trailblazer Award i 2020.[14]

Azita Raji var gift med Gary Syman, ein tidlegare partner i Goldman Sachs. Paret hadde fem døtrer.[15]

Raji døydde den 6. februar 2022 etter ein kort tids sjukdom.[1]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Statement on the passing of former U.S. Ambassador to Sweden Azita Raji». U.S. Embassy in Sweden (på engelsk). 8. februar 2022. Henta 8. februar 2022. 
  2. McCrohan, Deirdre (16. mars 2022). «Azita Raji of Belvedere was first Iranian-born U.S. ambassador». TheArk (på engelsk). Henta 17. mars 2022. 
  3. «Iranian-Americanwoman Azita Raji Nominated For Ambassador To Sweden». Payvand Iran News. 25. oktober 2014. 
  4. «PresidentObama Announces More Key Administration Posts». whitehouse.gov. 6. september 2013 – via National Archives. 
  5. «USto get first female ambassador in Sweden». 24. oktober 2014. Henta 14. august 2016. 
  6. «www.expressen.se». Henta 14. februar 2018. 
  7. «2016Great Immigrants Honorees: The Pride of America». Carnegie Corporation of New York. 30. juli 2016. 
  8. «BobDylan Nobel Prize Speech». YouTube. 11. desember 2016. 
  9. «HowDoes It Feel, by Patti Smith». The New Yorker. 14. desember 2016. 
  10. «TheRoyal Family attend the Nobel Banquet». Swedish Royal Court. 10. desember 2016. Arkivert frå originalen 19. november 2021. Henta 28. august 2023. 
  11. «ReadBob Dylan's Nobel Prize in Literature Banquet Speech». Rolling Stone. 10. desember 2016. 
  12. «AmericanImmigrants from 37 Nationalities Honored on Ellis Island». Huffington Post. 5. mai 2017. 
  13. «2017Ellis Island Medal of Honor recipients». National Ethnic Coalition of Organizations. 20. april 2017. Arkivert frå originalen 7. juli 2017. Henta 26. mai 2017. 
  14. «BarnardGala 2020». 
  15. «UnitedStates Senate Committee on Foreign Relations». www.foreign.senate.gov. Henta 14. august 2016.