Hopp til innhald

Nesøyfjorden

Koordinatar: 66°33′35″N 12°43′55″E / 66.55972°N 12.73194°E / 66.55972; 12.73194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 25. februar 2024 kl. 09:33 av Roarjo (diskusjon | bidrag) (top: clean up, replaced: grenser → grensar using AWB)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

66°33′35″N 12°43′55″E / 66.55972°N 12.73194°E / 66.55972; 12.73194 Nesøyfjorden er ein fjord i Lurøy og Rødøy kommune i Nordland. Fjorden ligg mellom Nesøya i vest og Hestmona i aust. Fjorden har ei lengd på om lag 9 km frå nord til sør.

Fjorden startar i sør mellom Lyngvær og Hestmona. I nord grensar fjorden til Risøyvær, Selsøyvær og Risværfjorden som går mellom desse. Frå Selsøy på Hestmona går det ferje over fjorden til Nesøya.