Syracuse i New York
Utsjånad
Syracuse | |||
by | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Areal | 66,330586 km² | ||
Folketal | 148 620 (1. april 2020)[1] | ||
Syracuse i New York 43°02′49″N 76°08′40″W / 43.046899°N 76.144423°W | |||
Wikimedia Commons: Syracuse, New York |
Syracuse er ein by sentralt i delstaten New York i USA med 148 000 ibuarar. Byen er fylkessete i Onondaga County. Syracuse er del av eit storbyområde med over 660 000 fastbuande.
Historisk har byen vore eit viktig trafikk-knutepunkt. Opp til 1900 gjennom Eriekanalen og side-kanalane, deretter gjennom jarnbanenettet. I dag er Syracuse i skjeringspunktet mellom Interstate 81 og 90.
Byen er særleg kjend for universitetet Syracuse University, som òg vann den nasjonale college-basketballigaen i i USA i 2003. Syracuse er elles kjend som vertskapsby for ei stor årleg salsmesse.
Syracuse er namnet på fleire byar i USA. Truleg er dei oppkalla etter den italienske byen Siracusa på austkysten av Sicilia.
Vennskapsbyar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Syracuse, New York» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2023.