Elva Mesta
Mesta | |||
elv | |||
Land | Bulgaria, Hellas | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 767,1 km² | ||
Lengd | 230 km | ||
Kjelde | Rila i Bulgaria | ||
• høgd | 2 240 moh. | ||
Munning | Det thrakiske havet, aust for Keramotí | ||
Elva Mesta 42°07′10″N 23°35′10″E / 42.119444444444°N 23.586111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Nestos River |
Mesta (bulgarsk Места) eller Néstos (gresk Νέστος) er ei elv i Bulgaria og Hellas. Ho har sitt utspring i Rilafjella i Bulgaria og munnar ut i Egearhavet nær øya Thásos. Ho stupar gjennom bratte juv mot Egearhavet gjennom stort sett metamorfe formasjonar. I den nedre delen renn elva ut over kystsletta Khrysoúpoli og deler seg opp i eit deltasystem, kalla Néstosdeltaet, med fleire ferskvassinnsjøar og tjern. Mesta er 230 km lang, der 126 km i Bulgaria medan resten ligg i Hellas. Ho dannar fleire juv i Rila og Pirin.
Den lengste sideelva til Mesta er Dospat. Breidda av elva er stort sett dekt av lauvtre som strekkjer seg halvvegs mellom Bulgaria og Hellas, og ho dannar grensa mellom Makedonia og Thráki, i tillegg til grensa mellom periferieiningane Kavála og Xánthi.
Middelvassføringa ved kjelda til Tsjerna Mesta er 1 462 m³/s. Ved Hadzjidimovo er middelvassføringa 29 285 m³/s.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |