Trond Giske
Trond Giske | |||
Trond Giske i 2010. | |||
Fødd | 7. november 1966 (57 år) Trondheim i Trøndelag | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | Politikar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet Trondheim katedralskole | ||
Mor | Norunn Illevold Giske | ||
Far | Bjørn Giske | ||
Ektefelle | Haddy Njie | ||
Verv | Nestleiar i Arbeidarpartiet 2015–2018 | ||
Føregangar | Helga Pedersen | ||
Verv | Norsk næringsminister 20. oktober 2009– 16. oktober 2013 | ||
Føregangar | Sylvia Brustad | ||
Etterfylgjar | Monica Mæland | ||
Verv | Norsk kultur- og kyrkjeminister 17. oktober 2005– 20. oktober 2009 | ||
Føregangar | Valgerd Svarstad Haugland | ||
Etterfylgjar | Anniken Huitfeldt | ||
Verv | Norsk kyrkje-, utdannings- og forskingsminister 17. mars 2000– 19. oktober 2001 | ||
Føregangar | Jon Lilletun | ||
Etterfylgjar | Kristin Clemet | ||
Alle verv |
|
Trond Giske (fødd 7. november 1966 i Trondheim) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han har representert Sør-Trøndelag på Stortinget sidan 1997, og har vore kyrkje-, utdannings- og forskingsminister 2000–2001, kultur- og kyrkjeminister 2005–2009 og nærings- og handelsminister 2009–2013. Frå 2013 til 2017 var han leiar av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, og frå 2017 til januar 2018 første nestleiar i Finanskomiteen. Han har sidan april 2018 vore mediepolitisk talsmann i Arbeidarpartiet.[1]
Trond Giske var nestleiar i Arbeidarpartiet saman med Hadia Tajik frå 2015 fram til januar 2018. Han trekte seg frå verva sine etter å ha vorte skulda for upassande oppførsel. Han kom attende til vanleg politisk arbeid i Stortinget månaden etter.[2][3]
Utdanning og karriere
[endre | endre wikiteksten]Av utdanning er Trond Giske cand.mag. med sosialøkonomi, statsvitskap og juss frå Universitetet i Oslo og NTNU. Han var leiar i Trondheim AUF i 1988, og leiar i Sør-Trøndelag AUF frå 1989 til 1990. I 1996 vart han medlem av sentralstyret i AUF, og der sat han fram til 1996, frå 1992 av som leiar. Frå 1992 til 1996 var han også medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet. Det vart han igjen frå 2000, og sit endå.
Giske blei vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag fylke i 1997. Frå 1999 av har han vore delegat til generalforsamlinga i FN. Han var også medlem i gruppestyret til Arbeidarpartiet frå 2001 til 2005.
Giske var medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet dei fire åra som AUF-leder og deretter frå 2000. Etter 1992 har Trond Giske i alle år vore ein sentral person i Arbeidarpartiet, og vorte rekna som ein leiande strateg på venstrefløya i partiet. Det byrja med EU-striden i 1990-åra, då Giske stod fram som ein av leiarpersonane på nei-sida i Arbeidarpartiet. Han var styremedlem i Sosialdemokratar mot EU (SME) i 1994.
Mot slutten av 2017 fekk Arbeidarpartiet varsel om upassande oppførsel frå Giske og seksuell trakassering av kvinner over mange år. Varsla fekk stor merksemd i media, og som følgje av varsla trekte Giske seg frå nestleiarvervet 7. januar 2018.
1. oktober 2021 grunnla Trond Giske Nidaros sosialdemokratiske forum som er eit partilag under Trondheim arbeidarparti. Lokallaget har vakse raskt og har vorte det største lokallaget til Arbeidarpartiet.[4]
Tilknyting til regjering
[endre | endre wikiteksten]- 27. november 2009 – 16. oktober 2013 settestatsråd i Fiskeri- og kystdepartementet i saker der statsråd Lisbeth Berg-Hansen var inhabil.
- 20. oktober 2009 – 16. oktober 2013 statsråd i Næringsdepartementet
- 27. februar 2009 – 29. mars 2009 fungerande statsråd i Justis- og politidepartementet
- 17. oktober 2005 – 20. oktober 2009 statsråd i Kultur- og kyrkjedepartementet
- 15. februar 2008 – 29. februar 2008 styrande statsråd i Barne- og likestillingsdepartementet
- 17. mars 2000 – 19. oktober 2001 statsråd i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 1997–2001 medlem av Finanskomiteen
- 2001–2005 andre nestleiar i Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
- 2013–2017 leiar i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Mangfold eller enfold – 21 stemmer om kultur i vår tid, Aschehoug 2009, ISBN 9788203291418
- Utøya : en biografi, Gyldendal 2012, saman med Jo Stein Moen, ISBN 9788205427006
- La læreren være lærer, Gyldendal 2015, ISBN 9788205480926
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «- Vi har itj råd te å mist han Trond Giske». Dagbladet. 1. mai 2018. Henta 1. mai 2018.
- ↑ «Giske: – Det føles viktig å være tilbake i jobb.». Aftenposten. 13. februar 2018. Henta 1. mai 2018.
- ↑ «Varsler reagerer på Giske-comeback». Dagbladet. 11. februar 2018. Henta 1. mai 2018.
- ↑ Børstad, J. & Egge, J.H. (20. november 2022). «Giskes lokallag har fått nærmere 1000 medlemmer på kun ei uke». Henta 14. januar 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1966
- Norske kulturministrar
- Norske nærings- og handelsministrar
- Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg I
- Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II
- Ap-statsrådar
- Leiarar i AUF
- Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar 1997-2001
- Stortingsrepresentantar 2001-2005
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Stortingsrepresentantar 2009-2013
- Stortingsrepresentantar 2013-2017
- Stortingsrepresentantar 2017-2021
- Folk frå Trondheim