Sunflower
Sunflower Studioalbum av The Beach Boys | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 31. august 1970 | |
Innspelt | sporadisk frå 9. januar 1969 til 21. juli 1970 | |
Sjanger | Pop, soul, rock, R&B, sunshine pop | |
Lengd | 36:55 | |
Selskap | Brother/Reprise | |
Produsent | The Beach Boys | |
The Beach Boys-kronologi | ||
---|---|---|
Live in London (1970) |
Sunflower | Surf's Up (1971) |
Singlar frå Sunflower | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Blender | [2] |
Christgau's Record Guide | A–[3] |
Entertainment Weekly | B+[4] |
Encyclopedia of Popular Music | [5] |
MusicHound Rock | 3.5/5[6] |
Pitchfork | 8.9/10[7] |
The Rolling Stone Album Guide | [8] |
Sunflower er det 16. studioalbumet til The Beach Boys og det første på Reprise Records. Albumet kom ut i august 1970 og vert ofte rekna som eit av dei beste albuma deira.
Sunflower nådde berre 151. plass på den amerikanske albumlista og vart den dårlegaste plasseringa deira fram til M.I.U. album i 1978, som kom like høgt. I Storbritannia nådde albumet 29. plass.
Albumet har fått stadig betre rykte hos kritikarane etter at det kom ut første gong. I 2004 vart albumet rangert på 380. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[9], men var heilt ute av den oppdaterte lista frå 2012. Sunflower finst i dag på CD i lag med Surf's Up.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Etter det førre albumet deira, 20/20 var Dennis Wilson den første i bandet som gjekk attende til platestudioet og lagde fem spor dei første to månadane i 1969, «Forever», «San Miguel», «Got To Know The Woman», «What Can The Matter Be?» og «Celebrate The News». Bruce Johnston sin «Deirdre» vart òg spelt inn på denne tida. Tidleg i mars gjekk resten av bandet i studio og spelte inn «Loop de Loop» og «All I Wanna Do».
Etter å ha saksøkt Capitol Records for ubetalte honorar gjekk dei i gang med «Break Away», skriven av Brian Wilson og faren Murry, som nytta psevdonymet Reggie Dunbar. Songen vart berre ein liten hit i USA (63. plass), men nådde sjetteplassen i Storbritannia. Verken denne eller B-sida «Celebrate The News» kom med på albumet.
Bandet reiste så på turne og då dei kom tilbake spelte dei inn to Dennis Wilson-songar til, «Slip On Through» og «I'm Going Your Way». Dei spelte så inn ei ny utgåve av «Cotton Fields», som tidlegare hadde vorte spelt inn på 20/20. Songen vart gjeven ut på singel og vart ein stor internasjonal hit.
For å oppfylle kontrakten med Capitol gav bandet ut Live in London. Kontrakten med Capitol var over og bandet gjekk seriøst i gang med det nye albumet. I oktober og november 1969 spelte dei inn «Walkin'», «Games Two Can Play», «Add Some Music To Your Day», «When Girls Get Together», «Soulful Old Man Sunshine», «Raspberries, Strawberries», «This Whole World» og «Tears In The Morning».
Hausten 1969 skreiv The Beach Boys under ein ny platekontrakt med Reprise. Etter den siste innspelinga den 2. februar 1970 starta dei å samle albumet saman og gav ut singelen «Add Some Music To Your Day». Reprise hadde så høge forventningar til singelen at dei bad butikkane ta imot fleire eksemplar enn dei vanlegvis gjorde for Reprise-singlar. Uheldigvis for bandet gjorde ikkje singelen det så bra som dei håpte på, og nådde berre 64. plass i USA.
Etter at Reprise-singelen slo feil gav Capitol Records ut den siste Beach Boys-singelen deira, «Cotton Fields», som vart ein stor internasjonal hit. Før dei la ut på turne til Australia og New Zealand, sette dei albumet saman og gav det til selskapet. Det vart avslått. Dei fekk beskjed om å lage nokre få sterkare songar, ellers så ville dagane hos Reprise vere over. Bandet var misnøgde, men gjekk i studio nok ein gong. The Beach Boys spelte inn dei to siste songane for Sunflower i juli 1970. Den første var «Cool, Cool Water», og den andre var «It's About Time».
Etter å ha spelt inn rundt 30 songar og gått gjennom forskjellige albumtitlar, kom Sunflower til slutt ut i august 1970.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Slip on Through» (Dennis Wilson) | Dennis Wilson | 2:17 |
2. | «This Whole World» (Brian Wilson og Carl Wilson) | Brian Wilson | 1:56 |
3. | «Add Some Music to Your Day» (Brian Wilson/Joe Knott/Mike Love) | Mike Love, Bruce Johnston, Carl Wilson, Brian Wilson og Al Jardine | 3:34 |
4. | «Got to Know the Woman» (Dennis Wilson) | Dennis Wilson | 2:41 |
5. | «Deirdre» (Bruce Johnston/Brian Wilson) | Bruce Johnston | 3:27 |
6. | «It's About Time» (Dennis Wilson/Carl Wilson/Bob Burchman/Al Jardine) | Carl Wilson | 2:55 |
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Tears in the Morning» (Bruce Johnston) | Bruce Johnston | 4:07 |
8. | «All I Wanna Do» (Mike Love) | Brian Wilson/Mike Love | 2:34 |
9. | «Forever» (Dennis Wilson/Gregg Jakobson) | Dennis Wilson | 2:40 |
10. | «Our Sweet Love» (Brian Wilson/Carl Wilson/Al Jardine) | Carl Wilson | 2:38 |
11. | «At My Window» (Brian Wilson/Al Jardine) | Bruce Johnston | 2:30 |
12. | «Cool, Cool Water» (Brian Wilson/Mike Love) | Brian Wilson and Mike Love | 5:03 |
Europeisk innhald
[endre | endre wikiteksten]I Europa vart albumet gjeve ut av EMI-selskapet Stateside Records i november 1970. Opningssporet var «Cottonfields». «Got to Know the Woman» og «Deirdre» var plasserte i motsett rekkefølge på side ein, elles var innhaldet likt. Dette er i dag den rekkefølgja som gjeld på utgjevingar av albumet i dag.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- The Beach Boys
- Al Jardine – vokal,[10] gitar[11]
- Bruce Johnston – vokal[10]
- Mike Love – vokal[10]
- Brian Wilson – vokal,[10] piano,[11] bass,[11] Moog på «Cool, Cool Water»[11]
- Carl Wilson – vokal,[10] gitar,[11] bass[11]
- Dennis Wilson – vokal,[10] gitar,[11] spikerpiano,[11] bongo[11]
- Andre musikarar og teknisk personell
- The Beach Boys – produsent[10]
- Michel Colombier – arrangemen på «Tears In The Morning», «Deirdre»;[10] strykearrangement på «Our Sweet Love»[10]
- Stephen Desper – sjefsteknikar og miksing,[10] Moog på «All I Wanna Do» og «Cool, Cool Water»[11]
- Daryl Dragon – trommer,[11] røyrbjøller,[11] cembalo,[11] piano,[11] vibrafon[11]
- Igor Horeshevsky – cello på «Our Sweet Love»[11]
- Ricci Martin – plateomslag[10]
- Ed Thrasher – kunstnarisk leiar og fotografi[10]
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Informasjon frå Allmusic og andre musikkdatabasar.[12]
- Album
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1970 | Dutch Album Chart | 10[13] |
1970 | UK Top 40 Album Chart | 29 |
1970 | US Billboard 200 Albums Chart | 151 |
- US Singles
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1970 | «Add Some Music to Your Day» | US Billboard Hot 100 Singles Chart | 64 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sunflower (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Badman, Keith; Bacon, Tony. The Beach Boys: The Definitive Diary of America's Greatest Band on Stage and in the Studio (San Francisco: Backbeat Books, 2004) ISBN 0-87930-818-4
- Bush, John. 'Sunflower', All Music (2005)
- Elliott, Brad. Surf's Up: The Beach Boys On Record (1981)
- Whitburn, Joel. "Top Pop albums 1955-2001", (Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research, 2002) ISBN 0-89820-147-0
- Whitburn, Joel. "Top Pop Singles 1955-2001", (Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research, 2002)
- White, Timothy. The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys and the Southern California Experience (1994)
- White, Timothy. CD-hefte, Sunflower/Surf's Up (2000)
- Wilson, Brian; Gold, Todd. Wouldn't It Be Nice - My Own Story (1991).
- ↑ Bush, John. «Sunflower – The Beach Boys : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 28. oktober 2012.
- ↑ Blender review
- ↑ Christgau, Robert (1981). «The Beach Boys: Sunflower». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the '70s. Ticknor and Fields. ISBN 0-89919-026-X. Henta November 7, 2017.
- ↑ Willman, Chris (August 11, 2000). «Music Reviews: Beach Boy Rereleases». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 8. august 2020. Henta November 7, 2017.
- ↑ The Virgin Encyclopedia of Popular Music, Concise (4th Edition), Virgin Books (UK), 2002, ed. Larkin, Colin.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 84. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ Hefner Macauley (18 July 2000). «The Beach Boys: Sunflower/Surf's Up». Pitchfork Media Inc. Arkivert frå originalen 8. september 2012. Henta 8 November 2011.
- ↑ Brackett, Nathan; with Hoard, Christian, red. (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). New York, NY: Fireside/Simon & Schuster. s. 46. ISBN 0-7432-0169-8.
- ↑ 380) Sunflower : Rolling Stone, arkivert frå originalen 29. mars 2010, henta 11. september 2009
- ↑ 10,00 10,01 10,02 10,03 10,04 10,05 10,06 10,07 10,08 10,09 10,10 10,11 White, Timothy (2000). Sunflower/Surf's Up (CD Liner). The Beach Boys. Capitol Records.
- ↑ 11,00 11,01 11,02 11,03 11,04 11,05 11,06 11,07 11,08 11,09 11,10 11,11 11,12 11,13 11,14 11,15 Desper 2002.
- ↑ «UK Top 40 Hit Database». EveryHit.
- ↑ Dutch Charts - THE BEACH BOYS - SUNFLOWER
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Tekstane til Sunflower Arkivert 2009-10-03 ved Wayback Machine.