Hopp til innhald

Running av Sandro Nicolas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 15. desember 2021 kl. 23:44 av 90sveped (diskusjon | bidrag) (Laga gjennom omsetjing av sida «Running (Sandro-sang)»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

«Running» (norsk: løper) er ein song frå 2020 som vert framført av den tyske songaren Sandro Nicolas. «Running» vart utgjeven i mars 2020 og skulle ha vore det kypriotiske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]

Eurovision Song Contest

29. november 2019 kunngjorde den kypriotiske kringkastaren RIK at Sandro Nicolas skulle representere Kypros i Eurovision Song Contest. Hans verkelege namn er Alessandro H. Rütten, og han er fødd og oppvaksen i Tyskland.[2] Sandro har amerikansk far og gresk mor.[3]

RIK sette ned eit låtskrivarlag for å lage og utvikle «Running». Den australske musikaren og songaren Alfie Arcuri leia låtskrivarlaget, medan Martin Dietmann var kunstnarisk leiar for songen og framsyninga.[4] Låten vart presentert og utgjeven i mars 2020.[5]

I januar 2020 heldt EBU ei loddtrekking for å avgjere kva for ein av dei to semifinalane songen skulle delta i. Kypros vart trekt til å opptre i den fyrste semifinalen tysdag 12. mai 2020. Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[6] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Kjelder

  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. «Sandro – Cyprus». eurovision.tv. Henta 12. februar 2020. 
  3. «Cyprus: Sandro Nicolas says he writes songs for people "who feel alone and abandoned" as we talk Eurovision 2020» (på engelsk). 22. desember 2019. Henta 12. februar 2020. 
  4. «"Running"! Sandro reveals Eurovision 2020 song title and official artwork» (på engelsk). 11. februar 2020. Henta 12. februar 2020. 
  5. «Cyprus: Sandro to Sing "Running" at Eurovision 2020» (på engelsk). 11. februar 2020. Henta 12. februar 2020. 
  6. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.