You av Vasil Garvanliev
«You» (norsk: du) er ein popsong frå 2020 som vert framført av den makedonske songaren Vasil Garvanliev. Songen skulle ha vore det makedonske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1] Tittelen vart offentleggjord 14. februar, medan songen vart gjeven ut 8. mars same år.[2][3]
Bakgrunn
«You» vart internt valt ut av Makedonsk radio og televisjon (MRT) som det makedonske bidraget til Eurovision Song Contest 2020. Låten er komponert av den makedonsk-fødde låtskrivaren og produsenten Nevena Neskoska, no busett i Chicago. Ho har òg skrive songteksta saman med Kalina Neskoska og Alice Schroeder.[2]
Songen vert framført av Vasil Garvanliev, som i januar 2020 vart internt vald av MRT til å representere landet i Eurovision Song Contest.[4] I januar 2020 vart Nord-Makedonia trekt til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland tysdag 12. mai.[5] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 så EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[6]
Referansar
- ↑ Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020.
- ↑ 2,0 2,1 «Vasil will sing YOU for North Macedonia at Eurovision 2020» (på engelsk). 14. februar 2020. Henta 21. februar 2020.
- ↑ «North Macedonia's Vasil released 'YOU'». eurovision.tv. 8. mars 2020. Henta 8. mars 2020.
- ↑ «North Macedonia: Vasil Garvanliev to Sing "You" at Eurovision 2020» (på engelsk). 14. februar 2020. Henta 21. februar 2020.
- ↑ «First Semi-Final of Rotterdam 2020». eurovision.tv. Henta 21. februar 2020.
- ↑ Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.