Hopp til innhald

Metonym

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 14. november 2021 kl. 13:09 av Ranveig (diskusjon | bidrag) (La inn igjen ref. for teksten som ligg her. Ny lenkje ser ut til å passa betre som bakgrunnsstoff.)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Metonym eller erstattingsord er ord eller uttrykk som står i staden for eit anna ord eller uttrykk. Den opphavlege tydinga og den erstatta tydinga kan vera knytte saman til dømes ved nærleik i tid, rom eller årsak, eller ved eit del- eller heilskapstilhøve. Erstattingsordet er gjerne ein del av eit større heile, slik som «hovud» for «menneske». Ordtaket «pennen er mektigare enn sverdet» er eit døme på metonymi der pennen representerer «det skrivne ordet» medan sverdet står for «muskelkraft» eller «våpenmakt».[1] Eit anna døme på metonymi er å nytte namnet Henrik Ibsen om verka til denne forfattaren i staden for om personen sjølv: «Henrik Ibsen finn du på øvste hylle.» Det er eit årsakstilhøve mellom Henrik Ibsen og bøkene han skreiv.

  1. «metonym». Store norske leksikon (på norsk). 24. september 2019. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]