Sfaleritt
Sfaleritt | |||
Sfaleritt | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Sulfidmineral | ||
Kjemisk formel | (Zn,Fe)S | ||
Strunz-klassifisering | 02.CB.05a | ||
Dana-klassifisering | 02.08.02.01 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | brun, gul, raud, grøn, svart. | ||
Krystallform | Idiomorf krystallar – opptrer som velforma krystallar med god ytre form. Korna - generelt som allotriomorf til subhedrale krystallar i matriks. | ||
Krystallsystem | Isometrisk hekstetraedrisk (4 3m) | ||
Tvilling | Enkel kontakttvilling eller komplekse lamellerte former, tvillingaksar [111] | ||
Kløyv | perfekt | ||
Brot | Ujamn til muslig | ||
Mohs hardleiksskala | 3,5-4 | ||
Glans | Diamantaktig, harpiksaktig, feittete | ||
Strekfarge | brunkvit, bleik gul | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg, ugjennomsiktig når jernrik | ||
Spesifikk vekt | 3,9–4,2 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Isotrop | ||
Brytingsindeks | nα = 2,369 | ||
Andre eigenskapar | ikkje-radioaktiv, ikkje-magnetisk, fluorescerande og triboluminescent. | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Sfaleritt eller sinkblende er eit mineral som består av sinksulfid med varierande mengder jarn. Det inneheld gjerne òg noko mangan og kadmium og dessutan mindre mengder av gallium, indium og germanium. Det har sterk glans og særs varierande farge, vanlegvis gul, brun eller svart. Reint sinksulfid er fargelaust. Sfaleritt kan lett spaltast i seks retningar etter flatene til rombedodekaederet. Det finst på hydrotermale ertsgangar og kontaktførekomstar, ofte saman med galenitt, pyritt og chalkopyritt.
Sfaleritt er den viktigaste sinkmalmen. Mineralet er særs utbreidd òg i Noreg, særleg i kontaktsonene til Oslofeltet (Hakadal, Grua, Modum, Drammensdistriktet) og som underordna bestanddel av kismalmene i Den kaledonske fjellkjeda, som sfaleritt tidlegare vart utvunne frå som biprodukt. Særleg var det betydeleg produksjonen ved Bleikvassli og Mofjellet i Rana.
Wurtzitt er ein sjeldnare heksagonal modifikasjon av ZnS som blir danna ved høgare temperaturar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Sfaleritt», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 14. februar 2014
- ↑ Sphalerite. Webmineral. Retrieved on 2011-06-20.
- ↑ Sphalerite. Mindat.org. Retrieved on 2011-06-20.
- ↑ Handbook of Mineralogi