Bilden kyrkje
Bilden kyrkje stod ved garden Østre Bilden (gnr. 111) i Tingelstad i Gran kommune i Innlandet fylke. Ein trur at kyrkja var frå mellomalderen, men eldste bevarte skriftlege vitnesbyrd er i Povel Huitfeldt si stiftsbok, som omtalar «Bildenne Annexa» under Nikolaikyrkja, hovudkyrkja i Gran.[1] Av Jens Nilssøn sin visitasrapport fra 1590-talet[2] går det fram at kyrkja er ute av bruk, og at ho er av tre. Det siste gjer det nærliggjande å tru at det dreidde seg om ei stavkyrkje, noko Lorentz Dietrichson gjorde i sitt verk om stavkyrkjer.[3] I 1732 var kyrkja forsvunnen,[4] men i 1627 hadde doktor Peder Alfsøn besøkt den øyde kyrkja og laga ei teikning av antependiet, som i tillegg til illustrasjonar hadde ei runeinnskrift. Antependiet vart meldt forsvunne i 1743,[5] og Alfsøn si teikning er einaste kjende illustrasjon av ein gjenstand frå kyrkja. Teikninga inngår i Den arnamagnæanske samling.
Kjelder
- Hadeland. Bygdenes historie 1. 1932. s. 267–269.
- Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Oppland (Riksantikvaren, 2015), s. 84
- Denne artikkelen bygger på «Bilden kirke» frå Wikipedia på bokmål, den 22. september 2020.
Fotnotar
- ↑ Sigurd Kolsrud, red. (1929). Oslo og Hamar bispedømes jordebok 1574–1577 (Povel Huitfeldts stiftsbok). Oslo. s. 190.
- ↑ Yngvar Nielsen (1885), red. (1981). Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597. Carl Zakariasson. s. 285.
- ↑ Lorentz Dietrichson (1892). De norske stavkirker: Studier over deres system, oprindelse og historiske udvikling. Et bidrag til Norges middelalderske bygningskunsts historie. Kristiania: Cammermeyer. s. 498.
- ↑ Ifølgje kallsboka for Gran prestegjeld, men boka opplyser at den «meget vel mindes af gamle folck at have staaen».
- ↑ Hannibal Hammer i ein rapport om kyrkjene på Hadeland.
Bakgrunnsstoff
- Bilden kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren