Veien stavkyrkje
63°30′51″N 7°57′20″E / 63.51417°N 7.95556°E
Veien stavkyrkje var ei stavkyrkje på Veiholmen i Smøla kommune i Møre og Romsdal, litt nordvest for Fastsmøla. Kyrkja stod ved Veien (gnr. 52), utan at ho synest å vere arkeologisk påvist.
«Wein [kircke]» er omtala i Reformatsen[1] i 1589. I 1661 vart kyrkja omtala som ei stavkyrkje utan tårn eller spir, men med eit kortilbygg i lafteverk.[2] Gravplassen for kyrkja var då ved Brattvær kyrkje. I 1720 vart det meld om behov for vøling, og tretti år seinare stod kyrkja til nedfalls.
Kyrkjestaden vart flytta til Hopen på Fastsmøla, der ny kyrkje vart inngivd i 1749. Kyrkja på Veiholmen vart riven rundt 1760 og inventaret overført til Hopen kyrkje.
Altarskåp
Då Bendix Bendixen vitja staden i 1870, oppdaga han eit gamalt altarskåp i Hopen kyrkje. Det hadde vore nytta i Veien-kyrkja, og ein trur at det er framstilt i Lübeck ca. 1520. Bendixen fekk sendt skåpet til Oldsaksamlinga, der det framleis er.[3] Altarskåpet er oppsiktsvekkjande ved at det i midtfeltet har ei kalvariegruppe med Olav den heilage i staden for Johannes, og Maria held jesusbarnet i armane. På innsida av fløydørene er måleri av Peter og Paulus. På utsida av fløydørene er måleri av Olav den heilage og den heilage Sunniva.
Fotnotar
- ↑ Trondhjems reformats 1589. Oslo domkapittels jordebok 1595 (Norsk historisk kjeldeskrift-institutt, 1983), s. 70.
- ↑ Brendalsmo, s. 153.
- ↑ Davidsen, s. 58ff.
Kjelder
- Danielsen, Arne (1978). Veidholmen i gammel og ny tid. Trondheim: Rune forl. s. 57–60. ISBN 8252301665.
- Erling Skjølberg: «Frå fiskarkapellet på Veien til soknekyrkja i Hopen», i Hopen kirke 75 år (Hopen menighetsråd, 1967)
- Brendalsmo, Jan: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Møre og Romsdal (Riksantikvaren, 2016), s. 153
- Dietrichson, Lorentz (1892). De norske stavkirker. Kristiania og Kjøbenhavn. s. 460.
- Engelstad, Eivind S. (1936). Senmiddelalderens kunst i Norge ca. 1400–1535. Universitetets oldsaksamling. s. 255.
- Denne artikkelen bygger på «Veien stavkirke» frå Wikipedia på bokmål, den 1. september 2020.
Bakgrunnsstoff
- Veien stavkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren