Hopp til innhald

Frode Berg-saka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 12. desember 2018 kl. 21:25 av 176.11.11.146 (diskusjon) (Fengslinga har vara i ett år (i desember 2018))

Frode Berg-saka byrja med at den pensjonerte grenseinspektøren i Kirkenes, Frode Berg, vart pågripen og fengsla i Moskva for to månader den 6. desember 2017, skulda for brot på paragraf 276 i den russiske straffelova. Paragrafen handlar om spionasje, og skuldinga gjekk ut på kontakt med ein russar, Aleksej Zjinjuk, som skulle overlevere hemmelege dokument med informasjon om den russiske marinen.

Fengslinga har vara i ett år (i desember 2018).

Pågriping og fengsling

Berg vart pågripen 5. desember 2017 - på ettermiddagen[1].[2] "Russiske myndigheter mener de kan bevise at Berg leverte konvolutter med penger og elektroniske data til en person som ga hemmelige dokumenter om den russiske nordflåten", skreiv media.[2]

Rosbalt rapporterte at Frode Berg hadde med seg to brev som sterkte mistanken mot han, og 3000 euro i kontantar då han vart gripen; «Berg ble pågrepet med 3.000 euro i kontanter i to konvolutter – penger som FSB mener var ment som betaling til en person i bytte mot hemmelige opplysninger om den russiske nordflåten», skreiv norsk media.[1] FSB, som arresterte han, meinte han hadde samband med Etterretningstenesta og CIA. Han vart ført til Lefortovo fengsel, der han etter kvart fekk kontakt med den norske ambassaden i Moskva. Familien til Berg fekk tilsett ein russisk forsvarar, Ilja Novikov, og det vart oppnemnd òg ein norsk forsvarar, Brynjulf Risnes. Som tolk vart der først oppnemd ein tidlegare kjenning av Berg, Anatolij Voznjuk, men han er tilsett i FSB og Berg ville ikkje fullt ut samarbeide i etterforskinga før Voznjuk vert skifta ut.[3][4]

Den 2. februar 2018 skreiv media at Berg sa til VG "fra glassburet i byretten i Moskva fredag", at "Jeg er beskyldt for noe jeg ikke har gjort. Jeg hadde ingen anelse om dette da jeg kom til Moskva 5. desember".[5]

Russiske myndigheiter har "registrert at det nå er kommet fram at Frode Berg har innrømmet at han var på et oppdrag for den norske etterretningstjenesten", svara "russisk UD på spørsmål frå NRK 26. april".[6]

"Berg skal selv ha sagt at han hadde oppdrag for etterretningen, men dette er ikke bekreftet", skreiv media i mai 2018.[7]

"Det eneste jeg har gjort er å ta med en konvolutt med penger", sa Berg den 3. mai, til norske journalister i rettssalen.[8]

Før pågripinga av Berg

Den 30. november 2017 vart Aleksej Zjinjuk arrestert av FSB skulda for landssvik[9] under paragraf 275 i russisk straffelov, og ført til Lefortovo fengsel. Berg vart seinare arrestert i ei felle (sting operation)[9], skreiv russisk media.

Fengslingsmøtar

Den 30. november vart det nye to månader i fengsel, til 30. januar 2019.[10] Den 5. oktober 2018 vart det òg fengsel - fram til eittårsdagen for arrestasjonen, 5. desember.[11]

Den 18. juli 2018 blei fengslinga av Berg forlenga med to månader, til 5. oktober [12][13][14]

På den 3. mai vart fengslinga av Berg forlenga med tre månader.[8]

Tidlegare fengslingsmøte (vedrørande Berg) var 6. desember 2017, og 2. februar 2018;[15][16] Fyrste gongen Berg vart vist fram i retten, var den 21. januar 2018.[1]

Dei pågripne og freistnader på å få dei ut av fengsel

Frode Berg " har bodd i Finnmark siden 70-tallet, men er opprinnelig fra Trondheim".[17]

Aleksej Zjinjuk er russer og bur i Russland.

Ei støttegruppe for Frode Berg vart oppretta i Finnmark, og desse samla inn pengar til ymse tiltak for å lette situasjonen i fengselet. Han vart òg etterkvart innvilga fri rettshjelp,[18] og det vart òg avslag på anker og kausjon.[19]

Fleire har teke til orde for at Noreg og Russland kan verte einige om at Frode Berg kan bytast mot ein russisk spion som er fengsla i eit tredje land, og Litauen er nemnd i denne samanhengen.[20] I samband med Mikhail Botsjkarev-saka i Noreg vart det òg skapt von om at Berg kanskje kunne bytast mot Botsjkarev dersom denne siste vart kjend skuldig i spionasje. Dette hende ikkje, og Botsjkarev vart sett fri fredag 19.okober 2018 og kunne reisa heim att til Russland. [21]


Skuldingar not norsk etterretningsteneste

Den 22. april 2018 sa Frode Berg sine advokatar til NRK og Dagbladet at han var i Moskva på oppdrag frå den norske E-tenesta, og dei meinte at Berg hjelpte til å samle inn russiske statsløyndomar på vegne av E-tenesta allereie frå sumaren 2015.[22][23]

I juli 2018 skreiv redaktøren i aldrimer.noDet kan godt hende at det er Etterretningstjenestens «problembarn» i avdeling E-D som har rota det til, og lurt tidligare grenseinspektør Frode Berg til å transportere 3000 Euro til Moskva. Frode Berg sine advokatar har opplyst at to nordmenn bad honom ta med pengane, for å postlegga dei i Russland», [24][25]


Novikov meiner òg at det er høve til å tru at det finns løynd direkte kontakt mellom FSB og den norske etterretningstenesta[26]

Norske media sin rapportering om saka

Frode Berg er sikker på at mannen han møtte i Oslo hausten 2017[27], og som bad han reise til Moskva å gjere det som førte til arrestasjonen og spion-siktelsen, jobba for den norske Etterretningstenesta, sa hans russiske forsvarar Ilja Novikov til Dagbladet.

− 62-åringen fekk også ein mobiltelefon, som Aftenposten hevdar hadde krypteringsteknologi[28]

[29]FSB meiner at dei kan bevisa at Berg skulle sende pengar til ein mann, V.A. Zemljakin,[30] som i retur skulle senda gradert informasjon om den russiske Nordflåten til ei adresse disponert av den norske E-tenesta.[31] TV2-journalisten Øystein Bogen meinar jamvel at der kan vere eit moldvarp på Lutvann.[32]

Dagbladet ser denne saka i samband med Mikhail Botsjkarev-saka, og skryt av norsk rettsvesen, men gjev lite gaum til norsk etterretning og PST fordi Botsjkarev truleg er uskuldig.[33] Botsjkarev vart sett fri fredag 19.okober 2018.[34]

Rettssak

I slutten av august 2018 trudde Berg sin russiske advokat at rettssaka ville byrja i oktober eller november.[35]

Referansar

  1. 1,0 1,1 1,2 https://www.aftenposten.no/norge/i/0E7jGJ/Frode-Bergs-advokat-FSB-kan-ha-skjont-at-Berg-ville-trekke-seg Vitja 2018-05-06
  2. 2,0 2,1 https://www.dagbladet.no/nyheter/slik-var-frode-bergs-siste-timer-i-frihet/69762144 Vitja 2018-05-02
  3. «Frode Bergs forsvarer ber om å få ny tolk». Dagbladet.no (på norsk). 23. januar 2018. 
  4. Tønset, Arne Egil. «Frode Bergs advokat tror på en diplomatisk løsning». NRK (på norsk bokmål). 
  5. «Spionsiktede Frode Berg må sitte i russisk varetekt til 5. mai» (på norsk). 
  6. Morten Jentoft. https://www.nrk.no/urix/derfor-har-norge-et-svakt-utgangspunkt-i-forhandlingene-om-frode-berg-1.14032617 Vitja 2018-05-03
  7. Kjetil Hanssen. "Konebytting, fyll, og iskalde lytteposter". 2018-05-02. Aftenposten. S. 18
  8. 8,0 8,1 https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/wEL7b4/frode-berg-fengslet-i-tre-nye-maaneder-jeg-foeler-meg-lurt Vitja 2018-05-03
  9. 9,0 9,1 «Russia detains Norwegian suspected of espionage» (på engelsk). 19. desember 2017. 
  10. https://www.nrk.no/troms/forlenget-varetekt-for-frode-berg-1.14318597
  11. «Blir varetektsfengslet i to nye måneder». Dagbladet.no (på norsk). 1. oktober 2018. 
  12. ://www.nrk.no/urix/frode-bergs-advokat-tror-saken-kommer-opp-for-nyttar-1.14130855
  13. «Optimistisk Frode Berg i retten: - Nå ser jeg en ende på dette» (på norsk). 
  14. «Bergs advokat: - Et godt tegn». Dagbladet.no (på norsk). 18. juli 2018. 
  15. «VG Direkte: Nyhetsdøgnet», VG Direkte (på norsk bokmål), henta 18. oktober 2018 
  16. https://www.dagsavisen.no/verden/frode-berg-ma-fortsatt-sitte-i-varetekt-i-russland-1.1094150
  17. universitet, Peter Haugseth, UiT - Norges arktiske (10. januar 2018). «Trønder i saksa i Moskva». adressa.no (på norsk bokmål). 
  18. Johannesborg, Philip Andre. «Frode Berg får fri rettshjelp». NRK (på norsk bokmål). 
  19. Vigsnæs, Maria Knoph. «Ingen løsning i sikte for Frode Berg – avslag på anke». NRK (på norsk bokmål). 
  20. https://www.tv2.no/nyheter/9836885/. «Bergs russiske advokat Ilja Novikov har tro på en spionutveksling mellom Russland og Norge, og ein litauisk professor i statsvitenskap er blant dem som mener at Norge bør se til Baltikum for å få Berg hjem.»  Missing or empty |title= (hjelp)
  21. https://www.nrk.no/norge/pst-trekker-anken-mot-spionsiktet-russer-1.14255548
  22. «- Frode følte seg presset av Etterretningstjenesten». Dagbladet.no (på norsk). 22. april 2018. 
  23. https://www.dagbladet.no/nyheter/berg-siktelse-knyttes-til-ud-reise-til-st-petersburg/70557775
  24. https://www.aldrimer.no/hva-er-sannheten-om-spionsiktelsen-mot-frode-berg/. Vitja 2018-07-24
  25. https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/4dkl4g/her-er-mannen-som-rekrutterte-frode-berg
  26. «- Hemmelig kontakt mellom FSB og E-tjenesten». Dagbladet.no (på norsk). 10. oktober 2018. 
  27. AS, TV 2. «Aftenposten: Frode Berg møtte E-tjenesten på hotell i Oslo». TV 2 (på norsk). 
  28. «Aftenposten: Frode Berg møtte E-tjenesten på hotell i Oslo». Henta 30. april 2018. «62-åringen fikk også en mobiltelefon, som ifølge Aftenposten hadde krypteringsteknologi som skulle begrense muligheten for avlytting.» 
  29. Fjeld, Iselin Elise. «Forsvarerne: Frode Berg var i Moskva på oppdrag for E-tjenesten». NRK (på norsk bokmål). 
  30. Jentoft, Morten. «Frode Berg spiller ballen over til norske myndigheter». NRK (på norsk bokmål). 
  31. «Forsvarerne:- Frode Berg var på oppdrag for E-tjenesten». Dagbladet.no (på norsk). 22. april 2018. 
  32. AS, TV 2. «To ubehagelige muligheter synes nærliggende». TV 2 (på norsk). 
  33. «Et latterlig kapittel, signert PST». Dagbladet.no (på norsk). 19. oktober 2018. 
  34. Svendsen, Christine. «PST trekker anken mot spionsiktet russer». NRK (på norsk bokmål). 
  35. Holm, Gro. «Frode Bergs advokat: – Rettssaken starter i oktober eller november». NRK (på norsk bokmål). 

Kjelder

Bakgrunnsstoff