Ich freue mich in dir
Utsjånad
BWV 133 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1724 | ||
Urframføring | 27. desember 1724 | ||
Publiseringsdato | 1881 | ||
Typisk lengd | 19:47 | ||
Satsar/akter | 6 |
Ich freue mich in dir, BWV 133, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1724 for tredje juledag. Stykket vart framført på nytt etter 1740 i Leipzig.
Teksten er skriven av Kaspar Ziegler (første og siste sats), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar (C.S. Terry foreslår Christian Weiss den yngre)
Koraltemaet er basert på salmen «O Gott, du frommer Gott». Ein kjenner ikkje til kven som komponerte denne melodien eller når. Melodien kom først på trykk i 1738.
Instrumentering og struktur
[endre | endre wikiteksten]Stykket er instrumentert for zinke, to oboar d’amore, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av 6 satsar:
- «Ich freue mich in dir», Koral
- «Getrost! es faßt ein heil'ger Leib», Arie for alt
- «Ein Adam mag sich voller Schrecken», Resitativ for tenor
- «Wie lieblich klingt es in den Ohren», Arie for sopran
- «Wohlan, des Todes Furcht und Schmerz», Resitativ for bass
- «Wohlan, so will ich mich», Koral
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Ich freue mich in dir». Bach-kantater. Henta 19. april 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Piano- og songpartitur for BWV 133 på bach-cantatas.com