Huzhou
湖州市 (pinyin Húzhōu) | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Provins |
Folkerepublikken Kina Zheijang |
Geografi | |
Flatevidd | 5 820,26 km² |
Innbyggjarar - By (2004) |
2 570 000 |
Koordinatar | 30°52′N 120°06′E / 30.867°N 120.100°E |
Tidssone | Standard kinatid (UTC+8) |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.huzhou.gov.cn/ | |
Nettstad: www.huzhou.gov.cn | |
Plassering | |
Plasseringa av Huzhou i Zhejiang |
Huzhou er eit byprefektur heilt nord i provinsen Zhejiang i Folkerepublikken Kina. Han har eit areal på 5 817 km² og om lag 2,56 millionar innbyggarar (2002). Huzhou er delt opp i to bydistrikt og tre fylke.
Elva Xitiao renn gjennom byen og straks ved munnar ho ut i den store innsjøen Tai Hu i deltaet til Chang Jiang.
Næringsvliv
[endre | endre wikiteksten]Huzhou er kjende for silkeproduksjon, og er blitt kalla «Silkebyen». Han er også kjend for produksjon av fine kalligrafipenslar gjennom mange hundreår.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Kinas riksveg 104 går gjennom prefekturet. Han byrjar i Beijing, går sørover via Dezhou og vidare til Jinan i Shandong, Xuzhou, Nanjing, Hangzhou, Wenzhou og endar opp i Fuzhou.
Riksveg 318 i Kina, ein av dei lengste hovudvegane i landet, går også gjennom området. Han tek til i Shanghai og går mellom anna innom Wuhan og Chengdu på sin veg inn i Tibet og Lhasa og heilt fram til ein kinesisk grenseovergang mot Nepal i Zhangmu.
Kjende folk frå Huzhou
[endre | endre wikiteksten]- Zhu Zhi 朱治 (156-224) og Zhu Ran 朱然 (182-248), generalar for Wu-riket under Dei tre kongedøma
- Shen Yue 沈約 (441-513), lærd forfattar frå Liang-dynastiet
- Chen Baxian 陳霸先 (503-559), keisar og grunnleggjar av Chen-dynastiet
- Lu Yu 陸羽 (733-804), te-kjennar, skreiv den klassiske teboka Chajing
- Zhao Mengfu 趙孟頫 (1254–1322), kalligraf frå Yuan-dynastiet.
- Yu Yue 俞樾 (1821–1906), lærd
- Shen Jiaben 沈家本 (1840–1913), lærd og rettsforskar
- Wu Changshuo 吴昌硕 (1844–1927), kalligraf
- Chen Qimei 陳其美 (1878–1916), revolusjonær, medlem av Tongmenghui.
- Lei Zhen 雷震 (1897–1979), politikar under Republiken Kina.
- Dai Jitao 戴季陶 (1891–1949), politikar under Republiken Kina.
- Zhu Jiahua 朱家驊 (1893–1963), politikar under Republiken Kina.
- Qian Sanqiang 錢三强 (1913–1992), kjernefysikar
- Tu Shou'e 屠守鍔 (f. 1917), vitskapsmann og rakettdesignar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Huzhou» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2011.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Huzhou» frå Wikipedia på engelsk, den 11. oktober 2011.