Hopp til innhald

Løten prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 2. juli 2014 kl. 21:25 av Vinguru (diskusjon | bidrag) (Nytt oppslag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

60°49′43″N 11°18′48″E / 60.8284808039°N 11.3132983519°E / 60.8284808039; 11.3132983519

Løten prestegard
Foto: Jensens

Løten prestegard ligg nord for Løten kyrkje. Både kyrkja og prestegarden har vore på staden sidan mellomalderen. Den tidlegare prestegarden brann ned til grunnen i 1705, og dagens anlegg er frå etter dette. I 1732 bestod prestegardanlegget m.a. av våningshus, borgstue, drengestue, bryggerhus, mjølkekammer samt eit bustadshus til.

Gardsanlegget har vorte mykje endra etter dette. Ein gong i perioden 1796–1814 vart det oppført eit nytt våningshus, og våningshuset frå 1705 vart gjort om til drengestove, og frå 1879 forpaktarbustad. Denne har sidan vorte teken ned og flytta til Hedmarksmuseet. Etter at ny prest kom til staden i 1919, vart fleire bygningar (m.a. låven, stallåven, fjøset og grisehuset) rivne, og det vart oppført ny forpaktarbustad. Hovudbygningen er i dag freda.[1]

Gardsdrifta er forpakta bort og ikkje en del av presten si verksemd i dag.

Fotnotar

  1. Denne framstillinga bygger på skildringa hos Løten kommune. Opplysningsvesenets fond opererer med ein noko avvikande historikk.

Kjelder

Bakgrunnsstoff