Dissonans
Utsjånad
Dissonans (av Latin: dis = «forskjellig, skild» og sonare = «klinga») er ei musikknemning på intervall og akkordar som i tradisjonell musikk blir oppløyst i ein konsonans.
Spesielt blir intervall med frekvensar som har «kompliserte» talforhold, som stor septim (15:8), liten none (32:15) og liten sekund (16:15), rekna som dissonante. Ein annan sterk dissonans er tritonus. I den nyare delen av musikkhistoria har det blitt stadig vanlegare å nytta dissonansar, og ein finn det mellom anna i modernistiske verk som Igor Stravinskijs Vårofferet.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dissonans» frå Wikipedia på bokmål, den 16. juni 2009.