Syre
Ei syre er eit stoff som kan gje frå seg H+ ioner (proton), syra kan reagera med ein base og danna eit salt og har pH-verdi under 7 i vassløysning. Sterke syrer er fullstendig protolyserte i vatn, medan svake syrer berre er delvis protolyserte. Det vil seia at ikkje all syra reagerer med vatnet.
Generelt kan ein reaksjon mellom ei syre og vatn skrivast slik:
- HA + H2O <--> H3O+ + A-
Ein skil mellom organiske og uorganiske syrer. Aminosyrer og karboksylsyrer er organiske syrer. Dei sterkaste syrene, som svovelsyre, er uorganiske.
Ei einprotisk syre er ei syre som gjev frå seg 1 proton (H+). Ei fleirprotisk syre er ei syre som gjev frå seg to eller fleire protoner (H+)
Definisjonar på ei syre
- Ei Brønsted-Lowry-syre er ein protondonor. Ho gjev frå seg eit hydrogenion. Stoffet som tek imot protonet er ein base.
- Ei Lewis-syre er eit stoff som er ein elektronparakseptor.
Svante Arrhenius definerte ei syre som eit stoff som kan gje frå seg hydrogenion når ho er løyst i vatn. Etter denne definisjonen må syrer vera vassløyselege. Det er ikkje nødvendig om ein brukar definisjonen til Brønsted og Lowry. Ei Lewis-syre treng ikkje eingong å innehalda hydrogen.
Viktige syrer
Organiske
- Aminosyrer - stoffgruppe
- Askorbinsyre - C-vitamin
- Benzosyre
- Eddiksyre
- Sitronsyre
- Vinsyre
Uorganiske
Svake
Sterke
Reaksjonar
Salt vert danna i nøytraliseringsreaksjonar mellom syrer og basar. Denne reaksjonstypen er viktig i analysemetoden syre-base-titrering. Endepunktet i titreringa vert funne ved hjelp av ein indikator eller ved pH-målingar.
Bruk av syrer
Ein del organiske syrer vert brukt i matlaging. Eddiksyre i form av eddik er mykje brukt, mellom anna i dressingar. Nokre av syrene vert brukt som konserveringsmiddel.