Urmiasjøen
Urmiasjøen | |||
innsjø | |||
Urmiasjøen frå verdsrommet i 1984
| |||
Land | Iran | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Zarriné-Rūd, Simineh-Rūd, Mahabadelva, Gadar, Barandouz, Shaharelva, Nazlou, Zolaelva, Qaturelva, Kaftar Ali Chay, Aji Chay, Boyuk Chay, Rudkhaneh-ye Qaleh Chay, Qobi Chay, Rudkhaneh-ye Mordaq, Leylanelva | ||
Koordinatar | 37°42′N 45°19′E / 37.700°N 45.317°E | ||
Lengd | 140 km | ||
Breidd | 55 km | ||
Areal | 5 200 km² | ||
Saltinnhald | 217–235 g L−1 Na–(Mg)–Cl–(SO4) saltlake[1] 8–11 % om våren, 26-28 % på seinhausten[2] | ||
Urmiasjøen 37°39′43″N 45°24′18″E / 37.662°N 45.405°E | |||
Wikimedia Commons: Urmia Lake |
Urmiasjøen (persisk دریاچه ارومیه, Daryāche-ye Orūmiye; aserbajdsjansk Urmiya gölü) er ein endorheisk saltsjø i Iran.[3][4] Innsjøen ligg mellom provinsane Aust-Aserbajdsjan og Vest-Aserbajdsjan i Iran, og vest for den sørlege delen av Kaspihavet. På sitt største var innsjøen den største i Midtausten og den sjette største saltsjøen på jorda, med eit areal på kring 5200 km², ei lengd på 140 km, ei breidd på 55 km og ei største djupne på 16 m.[5] Innsjøen har krympa inn til berre 10 % av den tidlegare storleiken på grunn av oppdemming av elvane som flyt ut i han, og pumping av grunnvatn frå det kringliggande området.[6]
Urmiasjøen og dei kring 102 øyane i innsjøen, er verna som ein del av ein nasjonalpark av det iranske miljødepartementet.
Innsøjen har namn etter provinshovudstaden Urmia. I 1930-åra vart han derimot kalla Rezaiyehsjøen (persisk دریاچه رضائیه) etter Reza Shah Pahlavi. Etter den iranske revolusjonen seint i 1970-åra, fekk innsjøen attende namnet Urmia.
Tilsig
[endre | endre wikiteksten]Urmiasjøen får vatn frå 13 permanente elvar og mange mindre kjelder, i tillegg til nedbør direkte i innsjøen.[1] Nesten halvparten av tilsiget kjem frå Zarrinehelva og Simineh.[1] Det er ingen utsig frå innsjøen så vatnet forsvinn via fordamping.[1]
- Aji Chay
- Alamlou
- Barandouz
- Gadar
- Ghaie
- Leylanelva
- Mahabadelva
- Nazlou
- Rozeh
- Shaharelva
- Simineh
- Zarriné-Rūd
- Zarrinehelva
- Zolaelva
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lake Urmia» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Stevens, Lora R.; Djamali, Morteza; Andrieu-Ponel, Valérie; de Beaulieu, Jacques-Louis (1 April 2012). «Hydroclimatic variations over the last two glacial/interglacial cycles at Urmia Lake, Iran». Journal of Paleolimnology (Springer Netherlands) 47 (4): 647. doi:10.1007/s10933-012-9588-3.
- ↑ Urmia Lake. 2012. Encyclopædia Britannica Online. Henta 14. august 2015, from http://www.britannica.com/EBchecked/topic/619901/Lake-Urmia
- ↑ Henry, Roger (2003) Synchronized chronology: Rethinking Middle East Antiquity: A Simple Correction to Egyptian Chronology Resolves the Major Problems in Biblical and Greek Archaeology Algora Publishing, New York, s. 138, ISBN 0-87586-191-1
- ↑ E. J. Brills first encyclopaedia of Islam, 1913–1936, vol. 7, page 1037 citing Strabo og Ptolemy.
- ↑ «Britanica». Britannica.com. Henta 4. april 2021.
- ↑ «Saving Iran’s great saltsjø». Science. 4. april 2021.