Anne Husebekk: Skilnad mellom versjonar
Inkje endringssamandrag |
|||
Line 14: | Line 14: | ||
I 2015 vart ho leiar for [[Framsenteret]].<ref>{{kjelde www|nettstad=framsenteret.no |url=http://www.framsenteret.no/anne-husebekk-valgt-til-ny-senterleder.5714155-146437.html |tittel=Anne Husebekk valgt til ny senterleder|arkivurl=http://www.framsenteret.no/anne-husebekk-valgt-til-ny-senterleder.5714155-146437.html |arkivdato=2015-07-06|dato=2015-03-10}}</ref> |
I 2015 vart ho leiar for [[Framsenteret]].<ref>{{kjelde www|nettstad=framsenteret.no |url=http://www.framsenteret.no/anne-husebekk-valgt-til-ny-senterleder.5714155-146437.html |tittel=Anne Husebekk valgt til ny senterleder|arkivurl=http://www.framsenteret.no/anne-husebekk-valgt-til-ny-senterleder.5714155-146437.html |arkivdato=2015-07-06|dato=2015-03-10}}</ref> |
||
I perioden 2023-2025 fungerer ho som leiar av Senter for hav og Arktis ved Universitetet i Tromsø. |
I perioden 2023-2025 fungerer ho som leiar av Senter for hav og Arktis ved Universitetet i Tromsø.<ref>{{Citation|title=Anne Husebekk er ny leder for Senter for hav og Arktis {{!}} UiT|url=https://uit.no/nyheter/artikkel?p_document_id=827945|website=uit.no|accessdate=2024-08-29|language=nb}}</ref> |
||
== Nasjonale og internasjonale verv == |
== Nasjonale og internasjonale verv == |
Versjonen frå 29. august 2024 kl. 07:19
Anne Husebekk | |||
Fødd | 15. desember 1955 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | immunologi, transfusjonsmedisin | ||
Yrke | professor, forskar | ||
Institusjonar | Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | ||
Alma mater | Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet |
Anne Husebekk (fødd 15. desember 1955) er ein norsk lege og professor i immunologi ved UiT – Noregs arktiske universitet, der ho var rektor i perioden 2013-2021. Ho er medlem av DNVA og visepresident i International Science Council.
Utdanning og forsking
Anne Husebekk vart uteksaminert lege frå Universitetet i Tromsø i 1982, og tok medisinsk doktorgrad i 1989.[1] Ho vart spesialist på immunologi og transfusjonsmedisin i 1991. I 2002 blei ho utnemnd til professor i immunologi. Husebekk har særleg forska på transfusjonsmedisin og alloimmun trombocytopeni (blodplatemangel) hjå foster og nyfødde.[2]
Karriere
Anne Husebekk er tilsett ved Institutt for medisinsk biologi ved Universitetet i Tromsø. Fra 2006 til 2011 var ho fag- og forskningssjef ved Universitetssykehuset Nord-Norge.
I 2013 vart ho vald til rektor ved Universitetet i Tromsø saman med prorektorane Kenneth Ruud (forskning/utvikling) og Wenche Jakobsen (utdanning).[3] Husebekk ble gjenvalgt som rektor ved UiT - Norges arktiske universitet i 2017 i et åremål ut juli 2021.[4]
Som rektor ved UiT fekk ho styrka universitetet sin arktiske profil. Som ein del av dette skifta universitetet namn til UiT – Noregs arktiske universitet i 2013. Ho var aktiv på etablere internasjonalt samarbeid med institusjonar utanfor Europa, spesielt i Asia og var ein pioner i samarbeidet med Singapore. Under hennar leiing vart fleire høgskolar fusjonert inn i universitet og UiT fekk med det eit større ansvar for heile landsdelen. I denne perioden ekspanderte universitetet gjennom ny bygningsmasse, større studenttal og nye studieprogram.
I 2015 vart ho leiar for Framsenteret.[5]
I perioden 2023-2025 fungerer ho som leiar av Senter for hav og Arktis ved Universitetet i Tromsø.[6]
Nasjonale og internasjonale verv
I tillegg til å vere aktiv i norsk utdannings- og universitetspolitikk har Anne Husebekk viktige nasjonale og internasjonale verv. Ho har vore visepresident i den internasjonale foreininga for transfusjonsmedisin (ISBT), har hatt fleire verv i Noregs forskingsråd og tatt del i offentlege utreiingar for Biobanklova og Helseforskingslova. Ho er nestleiar i styret for Forsvarets høgskole, styremedlem i styret for Forsvarets forskningsinstitutt. Som reprentant for DNVA er ho nestleiar i styret for Senter for Grunnforskning (CAS).[7] Husebekk er styremedlem i helseforetaket Helse Nord og styreleiar i Tromsø Forskningsstiftelse. Husebekk er nestleiar i styret i University of the Arctic (Uarctic) og visepresident i International Science Council (ISC) der ho er leiar av «Committee of Freedom and Responsibility in Science».[8]
Kjelder
- ↑ Anne Husebekk Pathogenetic relationship between precursor SAA and fibril protein AA in secondary amyloidosis doktorgrad Universitetet i Tromsø, 1989
- ↑ UNN Bioteknologi og forskning i helseforetakene
- ↑ Uniforum Universitetet i Tromsø har fått sin andre kvinnelige rektor 27.02. 2013
- ↑ «Nå har Universitetet i Tromsø valgt rektor. Valgdeltakelsen var på 6,5 prosent.». www.forskerforum.no (på norsk bokmål). Henta 17. april 2020.
- ↑ «Anne Husebekk valgt til ny senterleder». framsenteret.no. 10. mars 2015. Arkivert frå originalen 6. juli 2015.
- ↑ «Anne Husebekk er ny leder for Senter for hav og Arktis | UiT», uit.no (på norsk bokmål), henta 29. august 2024
- ↑ «Styret», CAS (på engelsk), 28. november 2018, henta 7. juni 2023
- ↑ «Governing Board», International Science Council (på engelsk), henta 8. juni 2023
- «Husebekk, Anne» Arkivert 2018-04-18 ved Wayback Machine.. Ansatte ved Universitetsledelsen, uit.no. Vitja 21. november 2015.
Bakgrunnsstoff
- Publikasjonar av Anne Husebekk i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin