Vernadskij-stasjonen
Vernadskij-stasjonen (ukrainsk Академік Вернадський; Akademik Vernadskyj) er ein ukrainsk forskingsstasjon ved Marina Point på IÎles Galindez i Argentine Islands i Antarktis.
Vernadskij-stasjonen | |||
stasjon | |||
«Akademik Vernadskyj», den ukrainske antarktisstasjonen (i 2000)
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 65°14′44.44″S 64°15′28.17″W / 65.2456778°S 64.2578250°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Vernadsky-basen 65°14′45″S 64°15′27″W / 65.24574295°S 64.25748123°W | |||
Wikimedia Commons: Academic Vernadsky Station |
Historie
endreStorbritannia
endreStasjonen vart oppretta av britiske Falkland Islands Dependencies Survey som Base F [1] eller «Argentine Islands» på Winter Island i 1947. Hovudhytta, som vart bygd på same stad som ei tidlegare hytte under British Graham Land Expedition, vart namngjeven «Wordie House» etter sir James Wordie, eit medlem på Endurance-ekspedisjonen til Ernest Shackleton som vitja under bygginga.[2]
Wordie House er restaurert og har status som historisk stad og monument nr. 62.[3] Basen vart flytta til nærliggande IÎles Galindez i mai 1954 der hovudbygningen fekk namnet «Coronation House».
Basen fekk namnet Faraday-stasjonen i august 1977 til ære for den britiske forskaren Michael Faraday.[4]
Ukraina
endreUkraina tok over drifta av basen i februar 1996[4] for den symbolske summen eitt pund. Kostnaden med å demontere basen utan å forstyrre miljøet ville bli for dyrt. Det ukrainske antarktissenteret heldt fram med å forske på meteorologi, atmosfærisk fysikk, geomagnetisme, ozon, seismologi, glasiologi, økologi, biologi og fysiologi.[5]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Vernadsky Research Base» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ BAS Faraday-stasjonen F[daud lenkje]
- ↑ «History». Ukrainian Antarktis Station «Akademik Vernadsky". Henta 6. februar 2014.
- ↑ «Wordie House». British Antarctic Survey. Henta 6. februar 2014.[daud lenkje]
- ↑ 4,0 4,1 «Faraday station». British Antarctic Survey. Henta 6. februar 2014.[daud lenkje]
- ↑ «Research projects in Sixth Ukrainian Antarctic Expedition 2001-2002». Henta 6. februar 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- (engelsk) Vernadsky-stasjonen si nettside
- (engelsk) Offisiell nettstad for National Antarctic Scientific Center
- (engelsk) COMNAP Arkivert 2008-04-24 ved Wayback Machine.