Venstresosialisme

Venstresosialisme er ei nemning som vert brukt av retningar eller tendensar innanfor etablerte sosialdemokratiske parti som står til venstre for partileiinga, eller om sosialistparti til venstre for dei tradisjonelt sosialdemokratiske partia. Desse grupperingane kallar seg venstresosialistar for å synleggjera at dei står for ein kvalitativt annleis politikk enn dei tradisjonelle sosialdemokratane. Dei hevdar det er dei som held dei sosialistiske tradisjonane i hevd, som er blitt forlatne av andre. Demokratisk sosialisme vert òg stundom brukt av dei same grupperingane som eit synonymt eller overlappande omgrep.

Mens mange av dei gamle og etablerte sosialdemokratiske partia er blitt meir sentrumsorienterte og støttar eit moderert kapitalistisk system, er venstresosialismen meir klart venstreorientert og går framleis inn for målet om eit sosialistisk samfunn. Dei fleste venstresosialistane er likevel reformistiske i den meining at dei går inn for ei gradvis endring av samfunnet i sosialistisk lei innanfor rammene av det parlamentariske demokratiet. Venstresosialistar står fast på radikal omfordeling av rikdom og nasjonalisering av viktige verksemder i økonomien, og nokre av dei går inn for planøkonomi. Alle desse standpunkta er stort sett forlatne av dei etablerte sosialdemokratane, men er klassiske sosialistiske standpunkt som også parti som kalla seg sosialdemokratiske hadde tidlegare.