Uraj (russisk Ура́й) er ein by i Khanty-Mansia i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Konda, rundt 250 km sørvest for Khanty-Mansijsk.

Uraj
Урай
Horisonten til
Horisonten til
Flagget til Uraj Byåpenet til Uraj
Flagget til Uraj Byvåpenet til Uraj


Plassering
Uraj is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Khanty-Mansia
Grunnlagd
Bystatus
1922
1965
Geografi
Flatevidd
 - By

545,05 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

43 043
  79 /km²
Koordinatar 60°08′00″N 64°47′00″E / 60.13333°N 64.78333°E / 60.13333; 64.78333
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 34676
Nettstad: www.uray.ru

Historie

endre

Uraj vart grunnlagd i 1922 av busetjarar frå sentrale område av Russland. Etter at det vart funne olje i området i 1960, vart staden ein busetnad for oljearbeidarar. Han fekk bystatus i 1965.

Økonomi og industri

endre

Uraj er det organisatoriske senter for oljeutvinningsregionen. I 1960 vart det første oljefeltet i Sibir (Sjaimskojefeltet) opna her. Uraj er startpunktet for oljerøyrleidningen SjaimTjumen. Oljeanlegget TPP Urajneftegaz OOO «LUKoil- Zapadnaja Sibir» ligg i Uraj.

Av andre industriar i Uraj er næringsmiddelindustri og husbygging.

Bakgrunnsstoff

endre