Tor Svendsberget
Tor Svendsberget (fødd 3. november 1947) er ein tidlegare skiskyttar fødd i Aust-Torpa. Han tok sølv på 20 km under VM i skiskyting 1970, samt bronse på 20 km i 1973 og 1974. Svensberget representerte Engerdal Sportsklubb og Sjølisand Skytterlag.
Tor Svendsberget | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. november 1947 (77 år) Austlandet |
Yrke | skiskyttar, journalist |
Språk | norsk |
Aktiv
endreSvendsberget vart verdsmeister for juniorar både i 1967 og 1968. Under verdsmeisterskapen 1970 i Östersund fekk han sølv både individuelt, slått av Aleksandr Tikhonov frå Sovjetunionen, og i stafett. Også i 1971 var han med med norske stafettlaget som tok VM-sølv. Svensberget deltok så i vinter-OL 1972 i Sapporo og kom på åttandeplass på 20 km og fjerdeplass på stafetten. Både i 1973 og 1974 fekk han bronsemedaljen på 20 km under verdsmeisterskapen, i høvesvis Lake Placid og Minsk. I dei to meisterskapane fekk han elles VM-sølv og VM-bronse med Noregs stafettlag.
Svendsberget deltok også i vinter-OL 1976 i Innsbruck, der ein niandeplass på 20 km var hans største prestasjon. To år seinare fekk sitt fjerde VM-sølv i stafett, under meisterskapen i Hochfilzen.
Han vart norsk meister i skifeltskyting i 1977.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tor Svendsberget» frå Wikipedia på tysk, den 16. november 2013.