Timur Lenk
Timur Lenk (8. april 1336–18. februar 1405) var ein tyrkisk herskar[1] og grunnleggjaren av Timuridedynastiet. Han var også kjend som Timur den halte. Den eigentlege forma av namnet hans var Timur-i Lenk, som i Europa tidvis er blitt til Tamerlane.
Timur Lenk | |||
Rekonstruksjon av hovudet til Timur Lenk utført av M. Gerasimov i 1941. | |||
Fødd | 9. april 1336 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Shahrisabz | ||
Død | 19. februar 1405 | ||
Dødsstad | Otrar | ||
Mor | Tekina Khatun | ||
Far | Taraghai | ||
Ektefelle | Saray Malik Katun, Uljay-Turkan aga, Cholpan-Mulk Aga, Dilshad aga | ||
Barn | Shah Rukh, Miran Shah, Jahangir Mirza, Umar Shaikh Mirza I, Aka Begi |
Bakgrunn
endreTimur Lenk var fødd i Kesh (no Shahrisabz) eit stykke sør for Samarkand i dagens Usbekistan. Han høyrde til Barlas-stammen, ein tyrkisk stamme. Sjølv hevda han at han stamma frå Djengis Khan, den mongolske herskaren,[2] men dette er omdiskutert. Frå 1369 var han emir i Samarkand – eit av dei viktigaste ikkje-osmanske tyrkiske rika på den tida. Gjennom ei rekkje felttog la han store område under seg: Armenia, Afghanistan, Hindustan (Nord-India), Syria og Mesopotamia.
Kort tid etter at Timur døydde gjekk riket i oppløysing. Han kjempa blant anna mot den osmanske sultanen Beyazid og vann etter bitre kampar i 1402.[3]
I Vesten har Timur heilt frå den tida han levde vorte skildra som en barbar, ein som er vond, lite sivilisert og øydeleggjande. Heller ikkje i Iran eller i Det osmanske riket blei han positivt omtala. Dette skuldast truleg krigane han førte mot Det osmanske riket. Men i dag har forskarane eit meir nyansert bilde av og eit meir objektivt syn på Timur Lenk. Både i den tyrkiske og i den islamske verda er han positivt omtala no. Også mange europeiske og amerikanske forskarar har begynt å fokusere på dei positive eigenskapane hans.
Ifølgje lokal tradisjon skal Timur ved sin død ha sagt at dersom nokon uroar grava hans, så skal dei bli ramma av ein grufull lagnad.
Timur Lenk var tippoldefar til Babur, som grunnla Mogulriket i India.
Kjelder
endre- ↑ Timur Lenk, Store Norske Leksikon
- ↑ Gérard Chaliand, Nomadic Empires: From Mongolia to the Danube, translated by A.M. Berrett, Transaction Publishers, 2004
- ↑ «Beyazit 1». Store norske leksikon. Henta 31. desember 2012.
- «Timur», Encyclopaedia Britannica
- Denne artikkelen bygger på «Timur Lenk» frå Wikipedia på bokmål, den 4. juni 2006.
- Denne artikkelen bygger på «Timur» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mars 2010.