Sombor
Sombor (serbisk Сомбор) er ein by i Serbia. I 2022 hadde sjølve byen like over 40 000 innbyggjarar, medan heile kommunen har rundt 70 000 innbyggjarar. Han er det administrative senteret i distriktet Vest-Bačka.
Sombor | |||
Сомбор | |||
by | |||
Rådhuset i Sombor
| |||
Land | Serbia | ||
---|---|---|---|
Region | Vojvodina | ||
Distrikt | Vest-Bačka | ||
Areal | 289,23 km² | ||
Folketal | 70 818 (2022[1]) | ||
Postnummer | 25000 | ||
Bilnummer | SO | ||
Sombor 45°47′N 19°07′E / 45.78°N 19.12°E | |||
Kart som viser Sombor.
| |||
Wikimedia Commons: Sombor |
Historie
endreByen vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1340. Byen høyrte til Kongedømet Ungarn fram til 1500-talet, då han vart ein del av Det osmanske riket. Under osmanarane flykta ungarane frå byen og han vart hovudsakleg busett av etniske serbarar.
Sidan 1687 kom byen under Habsburgmonarkiet og var ein del av Militærgrensa. I 1717 vart den første ortodoske grunnskulen opna. Fem år seinare opna òg ein katolsk skule. I 1745 vart Sombor tatt bort frå Militærgrensa og innlemma i Bacsensis fylke. I 1749 fekk Sombor status som «fri kongeleg by». I 1786 vart han sete i Bacsensis fylke.
I 1848/1849 vart Sombor ein del av Serbisk voivodskap, ein serbisk sjølvstyrt region i Det austerrikske keisardømet, og mellom 1849 og 1860 var han ein del av Voivodskapet Serbia og Tamiš Banat, eit eige austerriksk kronland. Etter dette kronlandet vart nedlagd, vart Sombor setet i det nye Bács-Bodrog (Bačka-Bodrog) fylke.
Sidan 1918 vart Sombor ein del av Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar (seinare kalla Jugoslavia). Mellom 1918 og 1922 låg han i Bačka fylke, mellom 1922 og 1929 i Bačka oblast og mellom 1929 og 1941 i Donau Banovina.
I 1941 vart byen okkupert av aksemaktene og annektert av Ungarn. Okkupasjonen enda i 1944 og Sombor vart ein del av det nye sosialistiske Jugoslavia og sidan 1945 i den sjølvstyrte provinsen Vojvodina.
Befolkningsutvikling
endreÅr | Folketal[2] |
---|---|
1948 | 90 477 |
1953 | 92 583 |
1961 | 96 191 |
1971 | 98 080 |
1981 | 99 168 |
1991 | 96 105 |
2002 | 97 263 |
2011 | 85 903 |
2022 | 70 818 |
Busetnader
endreDei største busetnadane i kommunen er:[2]
Folketal 2002 | Folketal 2011 | Folketal 2022 | |
---|---|---|---|
Sombor | 51 471 | 47 623 | 41 814 |
Kljajićevo | 6 012 | 5 045 | 4 006 |
Bezdan | 5 263 | 4 623 | 3 269 |
Stanišić | 4 808 | 3 987 | 2 914 |
Stapar | 3 720 | 3 282 | 2 815 |
Čonoplja | 4 359 | 3 426 | 2 696 |
Bački Monoštor | 3 920 | 3 485 | 2 647 |
Svetozar Miletić | 3 169 | 2 746 | 2 162 |
Riđica | 2 590 | 2 011 | 1 482 |
Gakovo | 2 201 | 1 810 | 1 309 |
Aleksa Šantić | 2 172 | 1 770 | 1 295 |
Telečka | 2 084 | 1 720 | 1 182 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sombor» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Slobodan Ćurčić, Broj stanovnika Vojvodine, Novi Sad, 1996.
Referansar
endre- ↑ «Укупан број становника, по насељеним местима / Total population, by settlements» (xlsx). Републички завод за статистику (Statistikkontoret for Republikken Serbia). Henta 30. september 2024.
- ↑ 2,0 2,1 «"Упоредни преглед броја становника 1948, 1953, 1961, 1971, 1981, 1991, 2002, 2011. и 2022. године Comparative overview of the number of population in 1948, 1953, 1961, 1971, 1981, 1991, 2002, 2011. and 2022."». stat.gov.rs. Statistical Office of the Republic of Serbia. Henta 30. september 2024.