Raudåte
art av hoppekreps
Raudåte er ein art av hoppekreps. Han er eit dyreplankton og har ein sentral posisjon i økosystemet i heile Nord-Atlanteren der han er ei svært viktig matkjelde for mellom anna fiskeyngel, lodde og sild.
Raudåte | |
Raudåte | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Krepsdyr Crustacea |
Klasse: | Maxillopoda |
Orden: | Calanoida |
Familie: | Calanidae |
Slekt: | Calanus |
Art: | Raudåte C. finmarchicus |
Vitskapleg namn | |
Calanus finmarchicus |
I enkelte område utgjer raudåte 90 % av biomassen. Ein har anslått at bestanden til mellom 100 og 150 millionar tonn (våtvekt) i Dei nordiske hava utanom Barentshavet, men slike bestandsanslag er vanskelege og blir dermed forholdsvis usikre.
Raudåte blir ca. 5 mm lang. Han lever på store havdjup i vinterhalvåret, men kjem opp i dei øvste 50 meterane om sommaren. Den raude fargen, og dermed også namnet, kjem frå karoten i kosten.
Bakgrunnsstoff
endre- - regjeringen.no - 2.4.3 Raudåte i Norges økonomiske sone, NOU 2005: 10 Lov om forvaltning av viltlevende marine ressurser
- forskning.no - Stor omsorg for lite dyr Arkivert 2007-12-08 ved Wayback Machine., 31. juli 2005
- På vei til noe stort - aftenposten.no