Provence
Provence er eit historisk og kulturelt landskap sør i Frankrike. Det er også namnet på ein tidlegare provins som no er del av regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur.
Provance omfattar middelhavskysten mellom munningen av Rhône og byen Nice og fjellområda innanfor. Den største byen er Marseille.
Fram til 1900-talet var provençalsk, ein dialekt av oksitansk, svært utbreidd i provinsen. Eit stort utdanningsprogram gjorde fransk til hovudspråket til dei fleste innbyggjarane. I dag finst det opplæring og studiar i provençalsk i regionen, men dei fleste er franskspråklege.
Kjelder
endreProvence (2009, 14. februar), Store norske leksikon. Henta 28. juli 2013.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Provence» frå Wikipedia på engelsk, den 28. juli 2013.
Bakgrunnsstoff
endre Denne geografiartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.