Profesjon
Profesjon viser til eit yrke, ofte noko ein er faglært i og som krev ein viss spesialisert kunnskap og dugleik.[1] Nokre omgrep knytt til profesjon er «profesjonalitet», «profesjonell» og «proff», som kan gå ut på å ha ei fagmessig og lite kjensleprega haldning til oppgåva. Ordet «profesjon» er avleidd frå latinsk professio, 'offisiell yrkesutnemning'.[1]
Historie
endreFrå gammalt av fanst det tre akademiske profesjonar: presteteneste, medisin og juss. Desse var i stor grad knytte til embetsmannstanden og til mellomklassen. Dei tre profesjonane har kvar sin særskilde profesjonsetikk, og medlemmane vert nesten universelt kravd å sverje ei form for eid om å stå ved og forsvare denne etikken. Gjennom denne eiden, og opplæring innan faget, er medlemmane i ein profesjon venta å føle eit ansvar for å følgje dei etiske reglane og oppføre seg i tråd med dei.
Ei viss profesjonalisering, også av andre yrke, kan seiast å ha byrja i mellomalderen med innstiftinga av laug som styrte kven som kunne utøve eit yrke og krava til dei. Denne profesjonaliseringa skaut likevel først fart på 1800- og 1900-talet, med aukande utbreiing av yrkesretta høgare utdanning, yrkesorganisasjonar og yrkesstandardar.[2]
Verna yrkestittel
endreOmgrepet «profesjon» i snever tyding viser ofte til verna yrkestitlar. Dette er yrkesgrupper der utøvarar må ha ein viss bakgrunn, typisk ei spesialisert utdanning med praksis og ein eller fleire eksamenar som gjev autorisasjon. Krava til kven som kan bruka verna yrkestitlar blir gjerne sette i samråd mellom styresmakter og yrkesorganisasjonar. Nokre døme på verna yrkestitlar er lege, psykolog, provisorfarmasøyt, reseptarfarmasøyt, sjukepleiar, advokat, statsautorisert revisor og registrert revisor.
Andre profesjonar
endreOgså fleire andre yrkesgrupper går gjennom det ein kallar profesjonsutdanning. Profesjonsstudium er studium på høgskule- eller universitetsnivå som fører fram mot eit visst yrke. Profesjonsstudia får stadig fleire fellestrekk med den tradisjonelle akademiske opplæringa i vitskaplege disiplinar, men skil seg frå reine akademiske studium ved at ein i tillegg til teoretisk utdanning også krev praktisk erfaring.
Den største profesjonen i den moderne velferdsstaten er lærarane, der ein kan ta utdanning som grunnskulelærar (allmennlærar), førskolelærar og faglærar. Andre profesjonsutdanningar i Noreg er sjukepleie, fysioterapi, ergoterapi, radiografi, sosionomi, barnevernspedagogikk, vernepleie, ingeniør, medisin, farmasi, journalistikk, revisjon, økonomisk/administrative fag og bibliotek og informasjonsfag, psykolog, arkitekt, landskapsarkitekt, veterinær, tannlege og jurist.
Også fagutdanningar med fagbrev kan kallast profesjon, til dømes røyrleggjar eller tømrar. Ein bruker også omgrepet om nokon som ikkje nødvendigvis er faglærte, men har gjort leveveg av noko andre kanskje berre er amatørar i, som songarar og fotballspelarar.[1]
Studiar av profesjonar
endreStudiar av profesjoner, profesjonsutøving og profesjonskvalifisering blir omtala som profesjonsstudiar.
Ved Høgskolen i Oslo og Akershus er det eit senter som forskar på profesjonar: Senter for profesjonsstudier (SPS).
Ved Nord universitet er det eit senter som forskar på profesjonspraksis, Senter for praktisk kunnskap.[3]
Bakgrunnsstoff
endre- Vitenskapen, kallet og profesjonen Arkivert 2011-08-09 ved Wayback Machine.. Kronikk ved forskning.no
- Profesjonsutdanninger som halvfabrikata Arkivert 2008-04-11 ved Wayback Machine.. Artikkel ved forskning.no
- Store forskjeller i etikkmengden Arkivert 2011-11-19 ved Wayback Machine.. Artikkel ved universitas.no
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «profesjon» i Store norske leksikon; profesjon i Bokmåls- og Nynorskordboka (henta 2011-10-06)
- ↑ Roderick Floud (2004), The Cambridge economic history of modern Britain, Cambridge University Press, s. 66
- ↑ Senter for praktisk kunnskap Arkivert 2021-01-24 ved Wayback Machine. (SPK), nord.no.
- Denne artikkelen bygger på «Profesjon» frå Wikipedia på bokmål, den 10. desember 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Professionalization» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2011.