Platetektonikk
Platetektonikk (sett saman av 'plate' og gresk tekton, 'byggjer') er vitskapen om rørslene til jordskorpa. Skorpa er sett saman av 14 større jordskorpeplater som alle er i konstant rørsle. Grensene mellom platene blir kalla plategrenser. Dette er ein av grunnsteinane innanfor dagens geologiske forståing.
Historie
endreFor ikkje meir enn 60 år sidan hadde geologar store problem med å forklara fleire naturfenomen som i dag blir sett på som sjølvsagte. Ein gjekk til ut frå at fjellkjededanning (orogenese) var ein prosess som hadde skjedd som følgje av ei enkelt bestemt hending og at fjella var blitt danna straks. Geologien var sterkt deskriptiv, og geologar gav gode skildringar av kva som hadde skjedd med stein og berglag, men mangla klåre forståingar av kvifor.
Den tyske meteorologen Alfred Wegner hadde allereie som ung lagt merke til korleis Afrika og Sør-Amerika såg ut til å passa saman som to bitar i eit puslespel. Han var ikkje den første som la merke til dette, allereie då dei første gode verdskarta blei teikna på 1600-talet hadde ein merka seg tilhøvet. Men Wegner gjekk lenger, jam meinte alle kontinenta passa saman som bitane i eit stort puslespel. I eit foredrag i 1912, utgjeve i utvida form i 1915 (The Origin of Continents and Oceans), la Wegener fram tankane sine om kontinentaldrift. Teoriane hans vart først anerkjende i 1960-åra. I perioden som leidde hadde forskarar funne ut meir om tema som polvandring, havbotntopografi og marine sediment, men det var først etter at marine magnetisk anomaliar vart oppdaga at ein fekk empirisk data til å påvisa havbotnspreiing. I 1968 hadde forskinga rundt havbotnspreiinga ført til at ein godtok platetektonikk. Det hadde funne stad eit paradigmeskifte.
Hypotesen om kontinentaldrift vart grunngjeven med desse tilhøva:
- Glasiasjon. Det finst restar av same glasiasjon på kontinent som i dag ligg adskilt.
- Fossil. Førekomstar på ulike kontinent gjev oss høve til å plassera artar på dei ulike kontinenta. Dette blir brukt som prov for at kontinenta har lege saman, då dei fleste artene ikkje har hatt høve til å kryssa store havområde.
- Klimabelte. Ein kan kjenne att dei same restane etter til dømes eit tropisk klima og dermed danna eit klimabelte som viser korleis kontinenta låg i høve til kvarandre.
- Like geologiske trekk. Ein kan sjå på fjellkjeder som har vore danna samstundes at dei passar fint saman sjølv om dei i dag er delte opp på ulike kontinent.
Plategrenser
endreIdentifisering av plategrenser
endreDet finst ulike typar plategrenser i punkta der jordskorpeplatene kolliderer, desse blir definerte ut ifrå korleis platene oppfører seg ved desse punkta. For å kartleggje kvar grensene ligg har ein sett på jordskjelvmålingar og episentera deira. Skjelva blir utløyst ved plategrensene og dette har gjeve oss dagens kart.
Dei ulike typane plategrenser
endreKonvergerande
endreNår to plater møtest (konvergerer) vil anten ei plate forsvinna under den andre (subduksjon), søkka ned i mantelen og smelta, eller pressa kvarandre opp og skapa fjellkjeder (orogenese). Det er berre oseanskorpe som forsvinn og dette dannar typisk ei djuphavsgrop utanfor eit kontinent. På kontinentet får ein vulkansk aktivitet som er resultat av subduksjonen. Dersom to kontinent kolliderer vil dette skapa orogenese. Eit kjent døme på dette er Himalaya.
Divergerande
endreNår to plater fjernar seg frå kvarandre blir prosessen kalla havbotnspreiing. Desse skapar midthavsryggar. Astenosfærisk mantel stig opp og ved delvis smelting blir det danna magma. Magmaen kjem til overflata og dannar ny oseanskorpe. Ved desse spreiingsryggane blir det danna basalt i form av putelava. Farten på spreiinga kan variera mellom 3-10 cm per år.
Spreiingsryggane er høgast over havbotnen nær den aktive delen, grunnen til dette er at kalde bergartar har høgare tettleik enn varme bergartar. Prosessen ved kjølinga fører dermed til at litosfæren søkk djupare ned i astenosfæren. Bergartane blir meir og meir kjølige jo lengre frå sjølve spreiingsryggen ein kjem.
Det finst òg spreiingsryggar på land, dette kan ein finna på Island som ligg oppå den midt-atlantiske ryggen, og i den austafrikanske Riftdalen.
Konservative
endreKonservative plategrenser eller transform forkasting er området der ei plate sklir langs den andre utan danning av ny skorpe eller subduksjon. Grensa er markert ved ei forkasting eller eit brot slik som i San Andreasforkastinga. Ofte er forkastingane oppstykka, og ved horisontal rørsle blir det danna djupe basseng og høge fjell.
Drivkrafta bak platetektonikk
endreDrivkraften bak platetektonikk har vore ein vanskelegare prosess å forklara. Vitskapsfolk meinte det kunne vera varmestraumar og andre indre prosessar i astenosfæren som dreiv platene, men det har seinare kome andre hypoteser.
Gravitasjonskraft frå spreieryggar er ein viktig faktor for drivkraften. Midthavsryggane ligg høgare enn resten av havbotnen og dette dyttar platene mot delar som ligg lågare ved hjelp av tyngdekraft.
«Ankereffekt» ved subduksjon er den andre faktoren som hjelper til å røre ei plate. Plata som forsvinn ned i astenosfæren fungerer som eit anker og trekkjer med seg resten av plata.
Sjå òg
endreSjå og
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Platetektonikk» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2010.
- Bokmålswikipedia oppgav desse kjeldene:
- Marshak, Stephen (2001) Earth, portrait of a planet, ISBN 0-393-97423-5
- Fowler, C.M.R (2005) The Solid Earth, ISBN 0-521-58409-4
- Tarbuck, Edward J., Lutgens, Frederick K (1992) The Earth, An Introduction to Physical Geology, ISBN 0-02-419012-8