Olaf Johansen
Olaf Josef Johansen (fødd 30. mai 1879) var ein norsk bryggje- og transportarbeidar og politikar frå Oslo. Han representerte Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1925 til 1945.
Olaf Johansen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. mai 1879 Oslo |
Død |
20. januar 1962 (82 år) |
Yrke | havnearbeider, politikar |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Olaf Johansen var son til ein italienskfødd gipsmakar i hovudstaden. Sjølv reiste han i 1893 til Slesvig i Tyskland, der han arbeidde på gardsbruk og ulike anlegg til 1898. Seinare arbeidde han på bryggjene i hovudstaden, åra 1912-14 var han formann i Kristiania yngre Bryggearbeideres Forening.
Johansen var mykje aktiv i fagrørsla, mellom anna i sju år medlem av forretningsutvalet og hovusdtyret i Norsk Transportarbeiderforbund. Med si erfaring frå forhandlingar var han i åra 1938-40 med i fleire valdgiftsrettar etter fastlåste arbeidstvistar. I tida 1929-31 var han styreformann for Drosjebilsentralen i Oslo, og medlem i Trafikkutvalet i Oslo. Han var elles i eit par periodar medlem i bystyret i hovudstaden.
Hausten 1924 vart Johansen vald til stortingsmann frå Oslo og for Arbeidarpartiet. Gjennom stendige attval vart han verande på Stortinget i tida frå 1925 til 1945. På Tinget var han 1925-30 medlem i Lønningskomiteen. Sidan hadde han plass i Administrasjonskomiteen, og var nestformann i komiteen frå 1934.
Kjelder
endre- Stortingsbiografi Arkivert 2017-04-09 ved Wayback Machine.