Lazio
- For fotballklubben, sjå SS Lazio.
Lazio (latinsk Latium) er ein av tjue regionar i Italia. Han ligg sentralt i landet og grensar til Toscana, Umbria, Abruzzi, Marche, Molise, Campania og Tyrrenhavet. Lazio er kjend for historia, kunsten, arkitekturen, arkeologien, religionen og kulturen sin. Regionshovudstad er Roma.
Lazio | |||
region | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Del av | Central Italy | ||
Hovudstad | Roma | ||
Areal | 17 236 km² | ||
Folketal | 5 720 536 (januar 2023)[1] | ||
Lazio 41°54′00″N 12°43′00″E / 41.9°N 12.716666666667°E | |||
Kart som viser Lazio.
| |||
Wikimedia Commons: Lazio |
Geografi
endreElva Tiber er den største elva i regionen og renn mellom anna gjennom Roma. Av sideelvar til Tiber i regionen finn ein mellom anna Aniene, Cremera og Nera. Ei anna stor elv i regionen er Garigliano, som oppstår der Liri og Gari (eller Rapido) renn i saman. Dei to største innsjøane på Den italienske halvøya ligg i Lazio, Bolsenasjøen og Braccianosjøen, som begge ligg nord i regionen. Sør i regionen ligg Albanarfjella.
Lazio er delt inn i fem provinsar:
Historie
endreNamnet på regionen kjem frå ei gamal stamme i området som heitte latinarar og som romarane avstammar frå. I følgje romersk mytologi var det kongen Latinus som gav namn til regionen. Latium, som regionen vart kalla i romartida, strekte seg til områda til sannitarane, marsarane og Campania, etter at romarane hadde erobra landområda til hernikarane, equarane, aurunkarane og volskarane. Området vart kalla Latium Novi for å skilje det frå Latium veteres, som var dei opphavlege grensene.
Under keisar Augustus sitt administrative system vart Latium, i lag med den noverandre regionen Campania, den første regionen i Italia.
Etter den gotiske krigen (535-553) og austromarane si erobring, fekk regionen tilbake sjølvstende sitt sidan «Det romerske hertugdømet» kom under den austromerske keisaren. Dei lange krigane mot langobardarane sleit hardt på regionen som vart tatt av den romerske biskopen, som alt hadde fleire eigedomar i området.
Styrkinga av det religiøse og kyrkjelege aristokratiet førte til stadige maktkampar mellom adelsherrar og den romerske biskopen fram til midten av 1500-talet. Innocens III prøvde å styrke makta si i området med å hevde seg over provinsstyra i Tuscia, Campagna og Marittima gjennom Kyrkja sine representantar, for slik å rive ned makta til Colonna. Andre pavar prøvde å gjere det same.
Under Avignon-perioden auka makta til lensherrane sidan paven ikkje lenger var i Roma. Små kommunar, og ikkje minst Roma, kjempa mot maktauken til herrane og med Cola di Rienzo prøvde dei å stå imot motstandarane av kyrkjemakta. Mellom 1353 og 1367 kom paven tilbake til Roma og tok tilbake makta i Latium.
Etter den kortvarige romerske republikken vart regionen ein del av Frankrike under Napoleon I, og så igjen ein del av Kyrkjestaten. I 1870 då dei franske troppane forlet Roma gjekk general Cardona inn på Kyrkja sitt område, okkuperte Roma og 20. september vart Latium ein del av Kongedømet Italia.
Folkesetnad
endre55 % av innbyggjarane i regionen bur i Roma, og hovudstaden gjer Lazio til den fjerde tettast folkesette regionen i landet.
Dei største byane til Lazio er (2006 estimat):
Rangering | Kommune | Provins | Innbyggjarar |
---|---|---|---|
1 | Roma | RM | 2 698 872 |
2 | Latina | LT | 113 998 |
3 | Guidonia Montecelio | RM | 76 911 |
4 | Aprilia | LT | 64 648 |
5 | Fiumicino | RM | 61 019 |
6 | Viterbo | VT | 60 516 |
7 | Pomezia | RM | 52 465 |
8 | Tivoli | RM | 51 857 |
9 | Civitavecchia | RM | 51 388 |
10 | Velletri | RM | 51 042 |
11 | Anzio | RM | 48 437 |
12 | Frosinone | FR | 48 197 |
13 | Rieti | RI | 47 165 |
14 | Terracina | LT | 42 875 |
15 | Nettuno | RM | 42 361 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lazio» frå Wikipedia på engelsk, den 2. desember 2007.