Lady Madonna
Lady Madonna Singel av The Beatles | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. mars 1968 | |
Innspelt | 3. og 6. februar 1968, EMI Studios i London | |
Sjanger | Rock and roll,[1] rhythm and blues | |
Lengd | 2:16 | |
Selskap | Parlophone (UK) Capitol (US) | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
Produsent | George Martin | |
The Beatles-kronologi | ||
«Hello, Goodbye» (1967) |
Lady Madonna | «Hey Jude» (1968)
|
«Lady Madonna» er ein song av The Beatles tilskriven Lennon/McCartney. I mars 1968 vart songen gjeven ut som singel med «The Inner Light» som B-side. Songen vart spelt inn i Abbey Road Studios frå 3. til 6. februar 1968 før the Beatles reiste til India. Singelen var den siste bandet gav ut på Parlophone i Storbritannia, der han gjekk til førsteplassen og av Capitol Records i USA, der han nådde fjerdeplasen. Alle seinare utgjevingar av The Beatles vart gjeve ut på deira eige Apple Records, distribuert av EMI. I Noreg nådde songen andreplass på VG-lista, berre slått av Anna-Lena Löfgren og hennar «Lyckliga gatan» Songen låg 8 veker på Topp 10.
Inspirasjon
endrePianospelinga på songen var inspirert av pianisten Fats Domino frå 1950-åra. McCartney fortel at han prøvde å skrive ei blues-aktig boogie-woogie-sak og at det minte han om Fats Domino[2] Domino sjølv spelte inn ei utgåve av songen i 1968.
Songen, og særleg introduksjonen, er ganske lik Humphrey Lyttelton sin «Bad Penny Blues» frå 1956.[3] John Lennon medverka til teksten.[4]
Saksofonsolo
endreSaksofonsoloen vart spelt av den britiske jazzmusikaren og klubbeigaren Ronnie Scott. I miksen som vart nytta på singelen er soloen nesten borte, men på utgåver på samleplater er soloen mykje tydlegare.[5]
Medverkande
endreI følgje Ian MacDonald:[6]
- The Beatles
- Paul McCartney – solovokal, piano, bass, klapping
- John Lennon – korvokal, sologitar, klapping
- George Harrison – korvokal, sologitar, klapping
- Ringo Starr – trommer, trommer med visp, klapping
- Andre musikarar og produksjon
- Ronnie Scott – tenorsaksofon
- Bill Povey – tenorsaksofon
- Harry Klein – barytonsaksofon
- Bill Jackman – barytonsaksofon
- George Martin – produksjon
- Ken Scott – lydteknikaring
- Geoff Emerick – lydteknikar
Salslister og salstrofé
endre
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
Salstroféendre
|
Andre versjonar
endreFleire andre artistar har spelt songen, anten på plate eller på konsertar, mellom anna Fats Domino, Phoenix, Steve Miller Band, Lenny White, Øystein Sunde og Aretha Franklin,
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lady Madonna» frå Wikipedia på engelsk, den 9. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Everett 1999, s. 149.
- ↑ Barry Miles (1997). Paul McCartney: Many Years From Now. New York: Henry Holt & Company. s. 449–450. ISBN 0-8050-5249-6.
- ↑ Mark Lewisohn (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. s. 132. ISBN 0-517-57066-1.
- ↑ David Sheff (2000). All We Are Saying: The Last Major Interview with John Lennon and Yoko Ono. New York: St. Martin's Press. s. 201. ISBN 0-312-25464-4.
- ↑ «The Beatles Bible: Lady Madonna». Henta 9. februar 2009.
- ↑ MacDonald 1998, s. 241.
- ↑ «Go-Set Australian charts – 8. mai 1968». poparchives.com.au. Arkivert frå originalen 6. mars 2017. Henta 17. mars 2018.
- ↑ «The Beatles – Lady Madonna». austriancharts.at. Henta 17. mars 2018.
- ↑ «The Beatles – Lady Madonna». ultratop.be. Henta 17. mars 2018.
- ↑ «RPM Top Singles – May 1968». Library and Archives Canada. Henta 17. mars 2018.
- ↑ «The Beatles – Lady Madonna». dutchcharts.nl. Henta 17. mars 2018.
- ↑ «Search: 'Lady Madonna'». irishcharts.ie. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 17. mars 2018.
- ↑ «Search NZ Listener > 'The Beatles'». Flavour of New Zealand/Steve Kohler. Henta 17. mars 2018.
- ↑ «The Beatles – Lady Madonna». norwegiancharts.com. Henta 17. mars 2018.
- ↑ «Swedish Charts 1966–1969/Kvällstoppen – Listresultaten vecka för vecka > April 1968» (PDF) (på svensk). hitsallertijden.nl. Henta 17. desember 2017.
- ↑ «The Beatles – Lady Madonna». hitparade.ch. Henta 17. mars 2018.
- ↑ «The Beatles». Official Charts Company. Henta 20 September 2015.
- ↑ «The Beatles: Awards" > "Billboard Singles». AllMusic. Henta 18 September 2015.
- ↑ «The Beatles Single-Chartverfolgung (in German)». musicline.de. Arkivert frå originalen 13. desember 2013. Henta 20. september 2015.
- ↑ «Go-Set Australian charts – Top Records for the Year of 1968». poparchives.com.au. Arkivert frå originalen 27. mars 2015. Henta 17. mars 2018.
- ↑ «Jahreshitparade 1968» (på tysk). austriancharts.at. Arkivert frå originalen 5. september 2014. Henta 17. mars 2018.
- ↑ «Jaaroverzichten 1968» (på nederlandsk). ultratop.be. Henta 17. mars 2018.
- ↑ «The RPM 100 Top Singles of 1968». Library and Archives Canada. Henta 17. mars 2018.
- ↑ «Top 100-Jaaroverzicht van 1968» (på nederlandsk). top40.nl. Henta 17. mars 2018.
- ↑ Swiss Year-End Charts, 1968
- ↑ «American single salstrofé – The Beatles – Lady Madonna». Recording Industry Association of America. Henta 14. mai 2016. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH