Jonas Peson
Johan Alfred Pettersson, kjend under namnet Jonas Peson (31. januar 1887–18. desember 1952) var ein finsk-norsk målar. Han vart fødd i Helsingfors i Finnland. Han studerte ved den Finske Konstföreningens Ritskola frå 1908 til 1911. I 1910 debuterte han på Konstföreningens vårutstilling. Etter eit opphald i Danmark, kom han til Noreg i 1916. I 1923 vart han norsk statsborgar. Samstundes vart Jonas Peson offisielt namn. Han slo seg etter kvart ned i Ålesund.
Jonas Peson | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 31. januar 1887 Helsingfors |
Død |
18. desember 1952 (65 år) |
Yrke | kunstmålar |
Far | Viktor Alfred Pettersson |
Jonas Peson på Commons |
Peson sin målarstil har vorte kalla fargefrisk, forenkla naturalisme.[1] Han fann mange motiv i Ålesund og distriktet rundt. Han måla særleg mange bilde frå hamneområdet i Ålesund. I tillegg til salsutstillingar, og måleri han elles selde, arbeidde Peson mykje md dekorasjonsmåling. Frå 1936 måla han altartavler og bilete i koret i fleire kyrkjer. Han måla scenedekorasjonar i meir enn 20 ungdomshus på Sunnmøre. I Ålesund dreiv Peson ein omtykt målarskule.
Fotnotar
endre- ↑ H. Grytten s. 30
Kjelder
endre- Harald Grytten: Jonas Peson maleren. Nytt i Ukas Forlag 2007.