Jens Weissflog (fødd 21. juli 1964) er ein tysk skihoppar, og ein av tidenes mestvinnande hopparar. Det er berre finnane Matti Nykänen og Janne Ahonen, samt polakken Adam Małysz som kan visa til fleire sigrar i verdscupen.

Jens Weissflog


Statsborgarskap Den tyske demokratiske republikken, Tyskland
Fødd 21. juli 1964 (60 år)
Erlabrunn
Idrett skihopping, alpint
Tok del i Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1988, Vinter-OL 1988, Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1994, presidentvalget i Tyskland 2004
Utmerkingar Fedrelandets fortjenstorden i gull, Fedrelandets fortjenstorden i gull, Holmenkollmedaljen, Sachsens Sportler des Jahres, Silbernes Lorbeerblatt, Sachsens Sportler des Jahres, Sachsens Sportler des Jahres, fortjenstkors med bånd av Forbundsrepublikken Tysklands fortjenstorden, Sachsens Sportler des Jahres, Askania Award

Allereie som 19-åring vann Weissflog den tysk-austerrikske hoppveka 1983/84 for DDR. Same vinter vann han OL-gull i normalbakken i Sarajevo, og han vann verdscupen samanlagt. Dei følgjande åra dominerte Weissflog, saman med Nykänen, internasjonal hoppsport. Han vann VM-gull i 1985 og 1989, og gjentok hoppvekesigeren i 1985, 1991 og 1996. I 1991 blei han tildelt Holmenkollmedaljen saman med Vegard Ulvang, Ernst Vettori og Trond Einar Elden.

Weissflog greidde å halda seg på internasjonalt toppnivå i heile tolv år. Verken overgangen frå DDR til forbundsrepublikken Tyskland i 1989/1990, eller overgangen til V-stil i 1993 påverka Weissflogs resultat negativt. I 1994 vann han, 10 år etter sin første olympiske siger, to gullmedaljar under OLLillehammer, i storbakken og i lagkonkurransen. I 1996 la Weissflog opp som konkurransehopper, etter å ha tatt sin fjerde siger i den tysk-austerrikske hoppveka, ei bragd han var åleine om inntil finske Janne Ahonen vann sin fjerde seier i 2005/2006.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre